fredag 28. desember 2018

Finaste julegåva



Eg hadde eitt ynskje i år. Ein fotskammel. Eg måtte kvitte meg med sofaen, tidlegare i haust/vinter. Eg har ein god stol i stova, men sakna noko å slenge føtene opp på. Nemnde det for eine bror min og fekk beskjed om at det var no lovleg seint å kome med slikt no. Slikt hadde ikkje han tid til, nett føre jul. Ja, ja, eg avskreiv heile greia, og rekna med eg framleis måtte sitje og dingle med føtene. Julaftan kom han berande på ei gåve som ikkje var innpakka, ho var til meg, fortalde han. Ein flott fotskammel som var ein pappa hadde laga, truleg då han og mamma var nygifte. Då laga han heile soveromsmøblementet deira. Senger, nattbord, kommode, fotskamlar m.m. No hadde bror min pussa han opp att og eg fekk han.

Førsteklasses handverk

Pappa laga kommodar til brørne mine etter kvart som dei vaks til. Han hadde vel meint å lage til meg, òg, men så langt kom han ikkje. Så det å få noko som han har laga, var det finaste eg opplevde denne jula. Skammelen har eit rom inni der eg kan ha blad eller bøker eller eit handarbeid. 

søndag 23. desember 2018

Julehelsing


Så vart det jul i år, òg. Laurdag var det skoltemiddag på Kråkenes og skoltane var minst like gode i år som i fjor.
Eg er ikkje så flink å pynte til jul, eg er ikkje av dei som henger opp julegardin og adventsstjerner i vindauga. Men i år fekk eg ei furubusk som eg pynta etter beste evne.
Eit lite juletre. Finn ein feil
Måtte alle få ei god jul og eit kreativt og godt nytt år.

fredag 14. desember 2018

Adventshelg



Førre laurdag var eg på bokslepp, utstilling og 50-årsfest på kroa på Hellevika. Grethe Kjøsnes hadde mykje å feire, bok og utstilling og rundt tal. Ho slo like godt saman alt og laga ein flott fest. Om kvelden var det middag, men det stod eg over, då eg kombinerte det med visitt hos Inger og Torleif i Høydalen.


Forfattaren les sjølv
Ikkje berre kan ho skrive og måle, ho tek gjerne eit stev eller to i godt lag.

Eit lite stev høyrer med

Litt av sundagen bruke Inger og eg til å leike oss på kjøkkenet. Vi laga brente mandlar, heilt utan sukker. Inger laga mandlar med mykje krydder, eg laga nokre med balsamicoeddik. Gode vart dei, begge typane. Så baka vi lussekattar. Det hadde eg aldri gjort før, så eg vart no i grunnen rimeleg godt nøgd med resultatet.



Mine første lussekattar


torsdag 6. desember 2018

Lokalt lesestoff

Mykje godt lesestoff
Ei har eg fått, to har eg kjøpt. Lokale bøker er gode julegåvetips. I år er det vel boka om "Søsken til evig tid" som vert den store vinnaren under sunnfjordske julegraner.
Adventstid og mørkt ute. Då er det kjekt å kose seg med ein god kopp kaffi, ein god stol, eit pledd og godt lesestoff. At det er lokalt er ikkje eit minus.

Roman, segner, dikt

fredag 23. november 2018

Bokprat

Norvald Tveit pratar om siste boka si Dama, som kom på Selja forlag i år. Han vart intervjua av Fridtjof Urdal og bokpraten føregjekk på biblioteket.
Etter samtalen lurte biblioteksjefen på om det kom fleire bøker. Mnja, no var han no nitti år, så det var ikkje så godt å seie.

Norvald Tveit med ny bok

Dei fleste trudde vel at På reservetanken, som kom i fjor, vart siste boka hans. Dette manuset hadde han rett nok gløymt. Heilt til forlagssjefen ringde og ville gje ut boka. Han kunne ikkje skjøne korleis han hadde fått tak i manuset. Men han hadde hatt ei jente som hadde hjelpt han med data og e-post, ei stund for eit par år sidan, sa han. Det måtte vere ho som hadde sendt det av garde.
Eg kjøpte bok og fekk forfattaren sin signatur. No kan jula berre kome.





fredag 16. november 2018

Å skrive er ikkje for pyser

Tankar, idear, innfall

Somme tider skriv eg i fem timar. Andre gonger slit eg med å skrive fem linjer. Stundom vert eg sitjande og glo på eit kvitt ark. Så legg eg heller ein kabal eller to, eller ti. Å skrive er ikkje for pyser. Korleis skal eg vinkle dette? Kan eg skrive slik? Eg stryk og skriv om att og stryk endå ein gong. Er dette for personleg? Kanskje dette sårar nokon? Må eg endre namna på personane i historia? Ein eller annan målar fekk ein gong spørsmål om korleis han arbeidde. Då sa han noko slikt som at han kunne sitje ein heil dag og så måla han ein strek. Neste dag viska han gjerne ut streken. Slik er det med bokstavane òg. Dei slær krøll på seg og vil ikkje lyde. Så kan dei brått ta til å leve sitt eige liv.
Det er som eg har to kvinner sitjande på skuldrane mine. Ei på kvar side. Begge vil ha si historie fortalt. Ho på høgre sida heiter Maria. Hennar historie er eg i full gang med. Dei fleste har eg endra namn på, for å ikkje verte skulda for noko historiefusk.
Maria sitt namn har eg fleire gonger prøvd å endre, eg har kalla henne for Marit, Marta og litt ymse anna. Då kjennest det som ho prikkar meg på skuldra og seier: «Du, eg heiter faktisk Maria, eg».
Kven kvinna på venstre skulder er? Den som følgjer med, får sjå. 

lørdag 3. november 2018

Vevringutstillinga 2018

For nokre veker sidan var det Vevringutstillinga 2018. Utstillinga er eit årleg arrangement som er vel verdt å få med seg. Eg fekk tekstmelding frå ei veninne, kvelden før, om eg ville vere med. Dei hadde plass i bilen. Laurdag og fridag, sjølvsagt sa eg ja til det.
Ein rundtur med guide og historisk attendeblikk vart, grunna vêret, til ei samling i kyrkja der guiden fortalde. Vi gjekk i samla flokk opp til kyrkja, men resten av gå-turen sløyfa vi, då himmelen velsigna oss med væte nok til å fylle ein middels innsjø. Noko av innsjøen rann etter vegen og eg angra litt på skovalet. Men i kyrkja sat vi lunt og godt medan guiden fortalde levande om historia til utstillinga og dei som sette det heile i gang.
Eitt av kunstverka som gjorde mest inntrykk på meg, var eitt av dei som stod utstilt i løa.

torilbonsaksen.no
Kunstnaren heiter Torill Bonsaksen og i katalogen vert det fortalt at ho hentar inspirasjon i naturen og kjende symbol. Ho vil setje søkjelyset på aktuelle tema ved å bruke daglegdagse og kjende element i ein ny kontekst.

søndag 21. oktober 2018

lørdag 13. oktober 2018

Ramen shop



Ramen shop
japansk film.

Fin film, langsam, handlar mykje om mat. Tradisjonelle rettar. Etter at foreldra er døde finn han ein koffert full av minne som mor hans har samla. Album, brev, ei dagbok. Det er berre det at boka er på mandarin. Mor hans var kinesisk og faren japansk. Han dreg til Singapore, der onkelen driv restaurant. Han møter ein matbloggar som omset boka for han. Der står det òg om brotet mellom mor hans og mormora. Men kvifor kontakten mellom dei vart broten fortel ho ikkje i dagboka. Han set seg føre å finne ut av familieløyndomane.

Heile vegen er det mat, smaking av mat, utveksling av tradisjonsmat, det er ei kulinarisk reise der Masato finn sanninga om familien, men òg mange delikate og tradisjonsrike oppskrifter.

Hugs å ta med eit beger med popkorn eller anna kinosnop. For her vert du svolten.

lørdag 6. oktober 2018

Papirdokker for store og små

Nostalgi

Vi var nokre damer som tok turen til Leonards forlaavelse. Her er det triveleg og godt å vere. Nydeleg mat i vakre omgjevnader. Her er det høve til å sitje ute og nyte sommaren. Er det ruskevêr er det like fint å sitje inne, nyte naturen gjennom store glasdører.
På låven har Tone laga til utsal der ho sel alt frå mønster og garn og tilbehøyr til ferdige plagg, puter og ei mengd andre varer.
Desse arka gjorde meg reint nostalgisk. Eg hugsar desse papirdokkene frå då eg vaks opp og vi fekk gamle vekeblad frå ei hyggeleg nabodame.


No hugsar eg ikkje kva for eit vekeblad dei kom i og kor ofte dei kom. Men eg hugsar eg limte dei på kartong før eg klypte dei ut. Så teikna eg nye klede til dei. Meiner å hugse at det helst var jentedokker, så eg var særskilt glad i å teikne fotside selskapskjolar. Etter kvart fekk dokkene eit garderobeskåp eg sjølv berre kunne drøyme om. Kanskje det var klesdesignar eg skulle vorte.

lørdag 29. september 2018

Åleine eller saman



Når eg ser musikkvideoar på nettet, vert eg ofte oppteken av korleis musikarar og artistar spelar i lag. Nokre er totalt hovudperson og reknar med at dei ande følgjer med det dei sjølve gjer. Andre spelar i lag, ser på kvarandre og tek omsyn til kvarandre. Dei er heile tida medvitne om kvar dei andre er og om dei spelar «på lag». Dei veit at dei andre er med og gjer jobben. Dei dreg ikkje lasset åleine. Dei største artistane har ikkje behov for å stå åleine i rampelyset og skine. Dei deler æra med medarbeidarane.
Difor har eg ofte tenkt at eg har lyst til å oppleve Anne Grete Preus på ein konsert. Det var ein som sa at det som imponerte mest med henne var at ho var så flink til å dele æra med musikarane sine. Ein sjølv vert ikkje mindre av å framheve andre.



lørdag 22. september 2018

lørdag 8. september 2018

Stengde vegar

Eg såg ikkje noko vegarbeid eller anna stengsel, berre dette skiltet. Det viste seg å vere nordleg retning, eit stykke lenger framme.


Vonar det ikkje er vegen oppover som er stengd

lørdag 1. september 2018

Ein kvardagshelt



Mamma var van med at tinga måtte gjerast fort. Ho måtte få tinga frå nevane, for det var alltid andre arbeidsoppgåver som venta. Då måtte ho ofte trive den reiskapen som låg nærast, til det ho skulle gjere. Slik som sakser. Det fekk ho aldri heilt dreisen på, at ulike sakser burde brukast til ulike oppgåver. Anten ho skulle leggje opp ei bukse, klyppe ein pannelugg eller klyppe i eit papir, ho treiv saksa som låg nærast. Så hadde ho då også huset fullt av sakser som ikkje beit skikkeleg. Ho skjønte ikkje kvifor. Når ho hadde bruk for ei saks og det låg ei på bordet, kva var då poenget med å leite etter ei anna? Då yngste sonen gifta seg, prøvde svigerdottera å lære henne at den og den saksa brukar eg til det og det. Eg trur ikkje lærdomen gjekk inn, så til slutt gav visst svigerdottera opp. Etter det vart det slik at kvar gong svigermor var ventande gøymde svigerdottera dei saksene ho var mest redd for. Svigermor kjem, gøym saksene!
Eit anna problem var at skruane vart lause etter lang tids bruk. Ein nabo fann ut at han skulle «hjelpe» henne og han tok saksene og skrudde fast skruane. Problemet var berre at no var skruane skrudde så fast at saksene vart uråd å få opp, dei vart ubrukelege. Så då hadde ho eit par sakser som ikkje beit og eit par som var så fastskrudde at dei var ubrukande av den grunn.


Men trøyste deg som ho kunne fikse eit klesplagg. Stoppe sokkar, leggje opp bukser, setje i glidelås. Med ei gammal handdriven symaskin og sakser som ikkje beit. Rådlaus var ho sjeldan.



lørdag 18. august 2018

Songarstemne i Dale

Kjensler på avvegar

Det var songarstemne i Dale (trur det måtte vere rett etter krigen, ho som fortalde historia hugsa ikkje årstalet, men ho hadde vore med på opplevinga).

Eit kor frå gamle Bru kommune skulle på stemnet og hadde øvd inn songar, heile våren. Innkvarteringa på slike stemne var gjerne privat og nokre frå koret skulle bu på Hogje. Pappa kom ned til sentrum og henta dei med traktor og køyrde dei til gards. Ei av jentene i koret var nyforlova og hadde skrytt fælt av ringen ho hadde fått på fingeren. Då ho møtte pappa vart ho så forlikt i han at ho visste mest ikkje kva bein ho skulle stå på. I alle høve skjønte ho at ho måtte ikkje late pappa få vite at ho var forlova. Løysinga vart då å bruke kvite hanskar. Dei andre jentene lo av henne, men ho gjekk trufast med hanskar, ute og inne. For skams skuld kunne ho då ikkje ta av seg ringen, slik som ho hadde synt han fram.

Men strevet, hanskebruk og pen song, til fånyttes var det alt. Pappa var ikkje interessert i dama. Vonleg drog ho heim att til forloveden og levde lukkeleg med han.

Seinare møtte pappa ei anna dame som han vart meir interessert i. Ho var òg frå gamle Bru kommune. Men sjå det er ei heilt anna soge.


lørdag 11. august 2018

lørdag 4. august 2018

Is i varmen


Sommarsnop

Folk er imponerte over meg når eg seier nei til godteri. Det kostar meg faktisk ingen ting å takke nei når nokon sender rundt ei skål med snop. I grunnen er eg litt stolt, og overraska, sjølv. Søthungeren er stort sett borte. Stort sett.

Is, derimot. Den er vanskeleg. Særleg med ein slik sommar vi har hatt i år. No skal det seiast at eg har unt meg ein softis når eg har hatt lyst på. Eg prøver å halde meg unna is som er dekka med sjokolade. Då et eg heller ein softis eller ein saftis.

Jadå, eg veit det. Det finst diabetikar-is. Eg har spurt på fleire butikkar og kafear om dei har diabetikar-is. Svaret er alltid negativt. Dei tek ikkje inn slikt som det går så lite av. Det er visst berre Isbilen som har skjønt at det er is-marknad for slike som meg.

lørdag 28. juli 2018

Fiskemiddag på låven

Fersk fisk

Nytrekt fisk, reinska og kokt og servert på låven, av matfar på Kråkenes. Mora er sky, men kom fram då fotografen gjekk.
















lørdag 21. juli 2018

Canadisk stepdans



cassie and maggie


Gjekk på kurs med desse to, under folkemusikkfestivalen i Førde. Det er vanskelegare enn det ser ut.

lørdag 14. juli 2018

A stranger is just a friend you do not know

Tilfeldige møte

«A stranger is just a friend you do not know”, song Jim Reeves, for fleire år sidan.



Desse tilfeldige møta, som berre skal vere det. Tilfeldige, hyggelege samtaler i natta. Eller i dagen. Folk ein møter på festival, medan ein ventar på ein buss, matkø eller billettkø. Eller vert sitjande ved sida av, på bussen opp att, om natta.
I Førde har vi nett hatt folkemusikkfestival. Nesten like fint som alle konsertane ein kan gå på, er det å treffe ukjende folk over eit ølglas eller ein matbit.. Det sit folk ved alle bord i kafeen og sjølv ein sunnfjording som meg må kvinne meg opp og spørje om det er plass til ein til, her. Som oftast er det plass eller så lagar ein plass. Så sit ein der då, og finn seg brått midt i ei samtale med menneske som har ei spanande historie å fortelje. Nokre er på festival for første gong, andre kjem attende kvart år. Ei natt vart eg sitjande og snakke med ei dame som var på festival i Førde for sjette gong. Ho kom frå Oslo og kjende seg litt som ein egoist, sa ho, som reiste hit åleine og gjekk på alle dei arrangement ho greidde å få med seg. Somme tider kom ho i lag med mann eller veninner. Då måtte ho ta omsyn til kva dei ville gå på. Reiste ho åleine var ho fri til å gå på alt ho sjølv ville. Eg vil ikkje kalle henne egoist, det handlar vel meir om å syte for å få påfyll og energi av musikk og positive opplevingar. Ho var i grunnen samd i det.
På Pikant skulle det vere konsert i teltet. Vi sat og venta på at dørene skulle opnast. Eg kom i prat med ein hyggeleg kar som skulle på same konserten. Vi diskuterte musikk, forventningane til denne konserten, andre konsertar vi hadde vore på. Kva han heitte? Ikkje aning, det var heller ikkje meint å vere anna enn eit hyggeleg møte i sommarnatta.
Tidlegare på dagen stod eg i matkø i kafeen. Der stod det ei dame som lurte på om eg ville ha middag. Ho hadde matkupong og då kunne ein forsyne seg to gonger. Ho var mett etter å ha ete ein porsjon, så om eg ville kunne eg få hennar billett og forsyne meg. Å gje vekk eit måltid mat til ein heilt ukjent som står i kø er i alle høve ikkje eg van med. Men eg takka pent og tok i mot. Godt var det, òg.


lørdag 7. juli 2018

Varmande gåve

Ikkje farleg med kalde golv når ein har tova tøfler å stikke kalde tær inn i

Takk Aud Holt


lørdag 23. juni 2018

Sommarles

Dagens fangst på biblioteket.





Fem bøker, 1572 sider. Skulle vel halde ei veke eller to.

lørdag 16. juni 2018

Mursteinar

Styrkeløft


Kvifor skal bøkene, særleg kriminalromanar, vere så lange? Vanlegvis sluker eg bøker på 2-300 sider. Men når det tek rundt 500 sider før mordaren vert avslørt, vert eg lei, halvvegs. Det vert for mykje miljøskildring og for mange bipersonar som eigentleg ikkje har noko å seie for historia. Eller, for forfattaren er det viktig å vise alle sidene ved ei sak. Det er vel eg som er for utolmodig.

Men det gjeld ikkje berre kriminalromanar.
Første boka eg las av Marian Keyes var Vannmelonen. Eg humra meg gjennom teksten, der var mange sprelske metaforar og i det heile eit godt språk. Sidan har det, etter mi meining, gått litt nedover, no er det litt slik «ja, ja» etter at eg har lese ei av bøkene hennar. Men dei er  lettlesne og hyggelege. Høvelege for ein kveld i sofaen. Men dei er så lange at eg brukar meir tid enn vanleg på ei slik bok. Eg keiar meg lett når bøkene vert over 500 sider.

Og kven er det som går til sengs med ei bok som ein murstein? Nei, vil eg drive styrkeløft går eg heller på helsestudio.

lørdag 9. juni 2018

Litteratur og potetskrellpai



Mary Ann Shaffer
Guernsey forening for litteratur og potetskrellpai
Schibsted 2008

Somme bøker bit seg fast og slepper aldri taket. Nett no les eg Mary Ann Shaffer si bok Guernsey forening for litteratur og potetskrellpai, for tredje gong. Grunnen til at eg les boka no, er at eg nett har sett filmen og fekk lyst til å lese boka endå ein gong. Dessutan fekk eg eit spørsmål på facebook, frå ei veninne som skulle lese boka om att og lurte på om eg hadde sett filmen. Trur faktisk det var eg som tipsa henne om boka, i si tid. Correct me if I am wrong, Ingunn.

Filmen var faktisk svært god. Nydeleg fotografering, vakker natur og personar til å verte glad i.

Mary Ann Shaffer (1934-2008), rakk å fullføre boka før ho døydde av kreft i februar 2008. Dette vart hennar første og siste bok. Og for ei bok. Ei perle i litteraturen.


Guernsey var okkupert av fienden, under 2. verdskrigen. Det vart etter kvart lite av alt. Ungane vart sende til England, til kjentfolk eller framande, i eit desperat forsøk på å halde dei trygge og for at dei skulle sleppe å svelte. Det vart slutt på såpe til klesvask, til husvask og til eige reinhald. Maten tok meir eller mindre slutt. Tyskarane kravde rekneskap for alle dyra, levande og daude. Ein gong vart okkupantane likevel lurte trill rundt. Når ein bonde miste eit dyr skulle tyskarane ha melding. Ein bonde tilkalla oppsynsmannen og bad han registrere ein gris som hadde sjølvdauda. Jau, det var greitt, grisen var daud, han. Men så tok naboen og gøymde sin eigen gris og «lånte» den daude grisen. Same oppsynsmann kom, og rapporterte at grisen var daud, utan å vite at det var same grisen han hadde registrert daud, tidlegare same dagen. Den levande grisen vart slakta og naboen baud inn til eit herremåltid. Då gjestane skulle heim att, om kvelden, vart dei oppdaga av tyskarane. Dei fekk spørsmål om kva dei gjorde ute etter portforbodet. Den mest snartenkte av dei fortalde at dei hadde vore på møte i litteraturgruppa. Dei fekk beskjed om å kome på kontoret, dagen etter, og registrere foreininga. Slik vart litteraturforeininga fødd. Ho levde gjennom heile krigstida og mange av dei fekk auga opp for kva litteratur og lesing kan bety for eit hærteke folk. Eit folk som vart fråtekne radioen og ikkje fekk tilgang på aviser.

Ps
Lurer du på kva potetskrellpai er og kvifor foreininga heiter slik?
Les boka

lørdag 2. juni 2018

Vassbygda/Vassbygdi



Arnfinn Kolerud
Når ein først skal skyte nokon
Samlaget 2010

Ihuga nynorskingar gjer ekstreme ting for å fremje språket. Dei vil helst snakke og skrive på målet Ivar Aasen utvikla. Her er dei alle.
Han som ikkje vil køyre Toyota, han vil ha Toyoti.
Tilhengarar av fotballaget Lillestrøm, som vil døype om laget til Veslestraum.
Han som reiser land og strand rundt for å få folk til å nytte i-målet. Han som låntek postbilen og køyrer han på elva. Grunnen? Det er ein protest mot all reklamen som kjem berre på bokmål. Lensmannen føreslær at han kan setje ein lapp på postkassen, der han seier «neitakk» til reklame. Men det er ikkje problemet, seier han. For han vil gjerne ha reklame. Han vil berre ikkje ha bokmåls-reklame.

Men sjølv ihuga målfolk er ikkje alltid samde. Skal bygda heite Vassbygda eller Vassbygdi? På skulen i bygda har dei heller ikkje a- og b- klassar, dei har a- og i- klassar.

Brått dukkar ho opp, ho frå Dale i Sunnfjord, som berre pratar engelsk fordi ho kan uttrykkje seg betre på det språket. Ho tykkjer det norske språket er så «kantete».

Kva skjer når noko trugar med å utslette heile målet, heile nynorsken?

Kven skal skytast og kven var det som kidnappa dirigenten?

Første bok i trilogien om Vassbygda. Eg må definitivt lese dei to neste.


lørdag 26. mai 2018

(Littera)tur


Oppsøkande bibliotek



Eg lurte litt på om biblioteket hadde starta med utebibliotek rundt i området. På vegen møtte eg nemleg denne boka av ein kjend norsk forfattar. Ho stod pent oppstilt inntil gjerdet. No har eg lese nett denne boka før, så eg tok henne ikkje med til låneautomaten. Det kunne jo vere at nokon brått kom på at han/ho hadde gløymt noko og sett boka frå seg medan han/ho sprang opp att. Då eg kom ned til Ingunn på biblioteket fekk eg forklaringa på mysteriet. Det viste seg at lånaren hadde hatt boka i ein pose på bagasjebrettet på sykkelen. Då han kom til biblioteket hadde han framleis posen, men boka var borte. 

Då hadde allereie Ingunn fått telefon frå ei som hadde funne boka og teke henne med seg. Ho kom seinare innom og leverte "rømlingen".

lørdag 19. mai 2018

Kreativiteten


Kreativ eller alminneleg
Til alle tider har folk vore opptekne av å setje spor etter seg. Noko som løftar dei ut av det store alminnelege livet. Noko som viser at dei har levd.
Min skapartrong er min «unge». Mitt DNA som lever vidare. Eg er ikkje heilt viss på kva eg skal skape, enno. Sokkar, hattar, brurekjolar, sko, bøker, filmar, verdsrekordar, kaker. Kanskje ei skandale eller to. Noko er det. Noko som ikkje fem millionar andre nordmenn allereie har gjort. 
Eg er ein samlar. Eg samlar på minne frå stadar eg har vore, ting eg har vore med på. Papirserviettar, myntar, ein fin stein, billettar. Dette må stamme frå tida då eg laga album. Du veit, då vi tok bilete frå ferieturen og fekk dei framkalla då vi kom heim. Så limte vi dei inn i album i lag med alle desse småtinga og skreiv tekst ved sida av.
No står albuma og støvar ned, i bokhylla. Sjeldan eg mimrar.
Men no lagar folk flotte scrappealbum som står i alle bokhyller bortetter. Så originaliteten i dette kan no diskuterast.
Eg er ein plukkar. Når eg går ute i naturen plukkar eg med meg fine røter og konglar. Tanken er alltid å lage noko fint, skape ein flott kreasjon, ein dørkrans til jul, kanskje. Då vi rydda ut av husværet til mor, etter at ho døydde, fann eg fleire turka røter i boda hennar. Det var ikkje ho som hadde lagt dei der, for å seie det slik. Eg skjønte at det vart aldri nokon dørkransar ut av dei. Så då brukte vi dei til å fyre i omnen med. Så berre ikkje sei at dei ikkje kom til nytte.
Men det er no så mange som lagar dekorasjonar til jul. Det er allment og i alle høve ikkje originalt.
Men kva skal eg skape, tru? Noko som er originalt og som er mitt, mi nisje. Noko som gjer at eg ikkje vert gløymt, dagen etter gravferda.
I alle høve ikkje noko med musikk. Eg er omtrent tonedøv. På skulen vart eg stilt opp bakerst i koret når vi skulle syngje. Der gjorde eg minst skade. Songstilen min kan vel best karakteriserast som «mellom notar». Ein gong eg gaula som verst sa mor: «Du har`kje ein einaste tone». Blokkfløyta fekk eg heller aldri dreisen på.
I handarbeidstimane sleit eg med knurvete papir og sveitte trådar. Då lærarinna såg penalhuset eg hadde hekla, kom det: «Nei, dette kan du visst bruke som dørmatte». To vottar, den eine liten og den andre diger. Ingen av mine handarbeids-eller sløydlærarar ville nokon gong ha trudd meg dersom eg fortalde at eg har spøta rundt tjue gensarar, sidan skuletida.
Men no «handarbeidar» jo folk på alle baugar og kantar. Broderer magebelte til kvitosten, heklar bikini, strikkar kjøkkenklutar over ein låg sko. Eller kva med å feste ein søt, hekla rosett på sandalen?
Så uendeleg mange timar eg har brukt på «dersom eg hadde vore….» Dersom eg hadde vore musikalsk, flink til å teikne, dyktig i sport. Ikkje grenser for kva eg skulle gjort, kunne gjort, ville gjort, dersom eg hadde vore flink i ting eg ikkje meistrar. Kanskje det er på tide å tenkje over kva eg faktisk er flink til, i staden for å henge meg opp i alt eg ikkje kan. Då kan det hende eg omsider får skapt noko eg kan vere stolt over.


søndag 13. mai 2018

Opp og stå-komikk

Vår


Eg har fått meg ny vekkarklokke. Kvar morgon rundt femtida sit det ein gauk, orsak, ein fugl utanfor glaset og kvivitrar. Heilt til eg står opp. Somme tider hiv eg ein sko etter han. Like fullt kjem han att neste morgon og kvitrar som ein tulling.
Ikkje skil han torsdag og sundag, heller.
Fuglar er eigentleg råsmarte dyr. Særleg ender. Einaste grunnen til at dei ikkje får drive med medisin, her i landet, er at regjeringa mistenkjer dei for å vere kvakksalvarar.
Kvifor kastar i grunnen folk brødsmular i vatnet? For å få endene til å møtast.
Apropos smarte fuglar. Kva er det som er gult og glupt? Ein kanarifugl som er med i Kvivitt eller Dobbelt.

Nei, i dag er eg visst proppfugl, eh, full av gode vitsar.

søndag 29. april 2018

lørdag 21. april 2018

Ringen

Soga om ein gullring


Pappa gjorde ein utanlandstur i sitt liv. Han var i Tyskland for å selje ein hest. Då han kom heim att, hadde han kjøpt gåve til mamma. Ein ring. Ein fin, tynn gullring med ein raud stein i.

Foto: Ingunn Fleten

Då mamma døydde arva eg ringen. Eg har vore redd for å misse han, så eg har ikkje brukt han så ofte. Særleg sidan eine taggen som held steinen på plass er borte. Eg hugsar heller ikkje at mamma brukte han særleg mykje. Det var vel ikkje så mange høve der ho kjende det naturleg å pynte seg med gull.

Men no har eg teke han i bruk.

Foto: Ingunn Fleten

Eg var innom gullsmeden i Førde og fekk han reinsa og sjekka kva type stein det var. Gullsmeden kunne fortelje at steinen berre var ein glasstein og ikkje verdt noko. Ringen var så lite verdt, sa ho, at det var ikkje tilrådeleg å skifte ut steinen med ein rubin. Det var ikkje bryet verdt å gjere noko som helst med han.

Men for meg har ringen stor affeksjonsverdi.
Ikkje grunna pengeverdien
Ikkje fordi han er kjøpt i Tyskland.
Men fordi han fortel ei historie om dei to.

mandag 16. april 2018

Slettelandsstølen


Slettelandsstølen

Min stad på jorda


Fotograf: Mari Haugen

Utgangspunkt for mange fine turar. Men kven er det som har sett namn på "Namnlausevatna"? Når dei heiter Namnlaus, så er dei vel ikkje namnlause lenger?

mandag 2. april 2018

Vår i hagen

Det spirer. 


Eg har planta tulipanlaukar.

Basar

Helselaget på Øn laga til god gammaldags basar på palmesundag. Alle ved bordet vann, utan meg. Men det var dei vel unt. Pengane gjekk til ei god sak.

fredag 23. mars 2018

Symaskiner


Eg ynskjer meg ikkje symaskin til jul

Mor mi hadde ei gammal symaskin som ho måtte sveive i gong. Det vart vel ein vane. På slutten stod eg gjerne bak og drog i stoffet fordi maskina ikkje greidde jobben, lenger. Mor sveiva med høgrehanda, ordna resten med venstre, eg stod bak og drog stoffet gjennom. Det seier seg sjølv at det vart berre det mest naudsynte som vart sydd, i heimen.
Då eg kom på ungdomsskulen skulle eg sy ein nattkjole og ei skjorte, hugsar eg. Eg fann brått meg sjølv sitjande framfor ei symaskin av det moderne slaget. Eg trødde på ein pedal på golvet og maskin starta som eit uvær. Van som eg var med mor si gamle maskin fekk eg vel lettare sjokk.
Eg har framleis eit anstrengt tilhøve til symaskiner. Når eg treng å få fiksa noko tek eg plagget med til besteveninna mi. Ho er ein racer på symaskin. Ho legg opp, ho tettar hol, ho syr og ordnar det som trengst.

Ein gong var vi på biltur, fire damer i bilen. Samtala kom inn på symaskiner og ei av damene tykte det var merkeleg at unge jenter i dag ikkje hadde slik reiskap. Sjølv hadde ho ikkje greidd seg utan, fortalde ho. Eg sa då at eg ikkje har symaskin. Ho snudde seg forundra mot meg:
«Korleis greier du deg utan?»
Då kom det tørt frå besteveninna i førarsetet:
«Ho har ei som har.»
Nei, gje meg heller strikkepinnar og ullgarn, så skal eg få til mykje fint. Eller ei broderinål og eit fint mønster.
Symaskin? Nei takk.

torsdag 8. mars 2018

 

Nyaste strikkeprosjektet

Støvlettane er slitne, men skovarmarane er nye. Desse er strikka i islandsk ull.

 

mandag 19. februar 2018

Mindfullness


Mindfullness?

I formingstida på skulen prøvde eg ut diverse teknikkar. Første vottane eg strikka vart til ein stor og ein liten vott. Då eg prøvde meg på å hekle eit pennal rista læraren på hovudet: «Nei, dette kan du visst bruke som dørmatte». Hardangersaum passa ikkje for ein med mine synsvanskar. På ungdomsskulen skulle eg sy ein bluse. Maskinene der var av det (den gongen) moderne slaget. Eg som var van med mamma si gammaldagse symaskin der ein måtte bruke eine handa til å sveive, var litt uheldig med skulen sine maskiner. Eg trakka pedalen til botnar og maskina raste av garde, det var like før ho letta frå bordet. Det var den karrieren. Sidan har eg (mis)brukt besteveninna når eg har bukser som må leggast opp eller bøtast.

Makramé, brodering, hekling, strikking, teikning, fargelegging, fotografering, figurklypp, scrapping, designe klede til papirdokker.

Lego, sudoku, kryssord, puslespel. Been there, done that

Handarbeid og puslearbeid er trivelege saker, det er greitt å ha noko «på hendene». Eitkvart eg kan sitje med når eg høyrer på radio eller ser fjernsyn. Eller berre skal slappe av, om kvelden. Anten det no er til meg sjølv eller eg lagar julegåver.

Kvar gong eg får ei ny «dille» kjøper eg inn utstyr og samlar ting og tang som eg trur eg treng i næraste framtid. Det har ein tendens til å verte liggjande og så vert det gjerne gløymt. Når eg då ein gong i blant har opprydding finn eg ting eg har gløymt at eg har kjøpt. Halvferdige strikketøy, gamle røter som eg har lagt til turking og hadde planar om å lage juledekorasjonar av, konglar eg skulle pynte med, ministaffeli som eg ein gong tenkte å klæsje måling på. Tusjar, penslar, fargeblyantar, vassfargar. Skamklypte fotografi, gamle fotorammer, utklypp eg sikkert hadde tenkt som bakgrunn til eitkvart.

Godt eg har planar om å verte gammal, så eg får gjort alt eg har tenkt.

tirsdag 13. februar 2018

Pensjonistligaen

Catharina Ingelman-Sundberg

Svindel og multelikør

Silke 2012

Hoi, for ein gjeng! Pensjonistligaen er på tokt, med stokk og rullator.
Aldersheimen har fått nye eigarar og dei innfører strenge sparetiltak. All maten er plastpakka, alkohol er forbode, mosjon er ikkje-eksisterande. Bollane til ettermiddagskaffien vert fjerna. Då dei også fjernar lysa på juletreet, har pensjonistligaen fått nok. På fjernsynet ser dei ein dokumentar om livet i fengsel. Der kan dei innsette velje mellom kjøt, fisk eller vegetarmiddag og dei får daglege lufteturar.
Mârtha, Lynet, Anna-Greta, Riva og Stina legg planar om å gjere eit brotsverk. Dei rømmer frå aldersheimen og tek saka, og livet, i eigne hender.
Første brotsverket vert for så vidt vellukka, men likevel skuffande. Men pensjonistligaen gjev ikkje opp i første vindkastet. Dei klekkar ut nye idear som skal få dei i fengsel. Attende til aldersheimen skal dei i alle høve ikkje.
Livet tek til etter fylte 70!


Eg kjøpte boka på årets Mammut-sal. Etter at boka kom ut har forfattaren skrive to til i same serie. Eg har allereie skrive meg på venteliste på biblioteket.