Ramen shop
japansk film.
Fin film,
langsam, handlar mykje om mat. Tradisjonelle rettar. Etter at foreldra er døde
finn han ein koffert full av minne som mor hans har samla. Album, brev, ei
dagbok. Det er berre det at boka er på mandarin. Mor hans var kinesisk og faren
japansk. Han dreg til Singapore, der onkelen driv restaurant. Han møter ein
matbloggar som omset boka for han. Der står det òg om brotet mellom mor hans og
mormora. Men kvifor kontakten mellom dei vart broten fortel ho ikkje i dagboka.
Han set seg føre å finne ut av familieløyndomane.
Heile vegen er det mat,
smaking av mat, utveksling av tradisjonsmat, det er ei kulinarisk reise der
Masato finn sanninga om familien, men òg mange delikate og tradisjonsrike
oppskrifter.
Hugs å ta med eit beger med popkorn eller anna kinosnop. For her vert du svolten.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar