Styrkeløft
Kvifor skal bøkene, særleg
kriminalromanar, vere så lange? Vanlegvis sluker eg bøker på 2-300 sider. Men
når det tek rundt 500 sider før mordaren vert avslørt, vert eg lei, halvvegs.
Det vert for mykje miljøskildring og for mange bipersonar som eigentleg ikkje
har noko å seie for historia. Eller, for forfattaren er det viktig å vise alle
sidene ved ei sak. Det er vel eg som er for utolmodig.
Men det gjeld ikkje berre
kriminalromanar.
Første boka eg las av Marian Keyes var Vannmelonen. Eg humra meg gjennom
teksten, der var mange sprelske metaforar og i det heile eit godt språk. Sidan
har det, etter mi meining, gått litt nedover, no er det litt slik «ja, ja»
etter at eg har lese ei av bøkene hennar. Men dei er lettlesne og hyggelege. Høvelege for ein
kveld i sofaen. Men dei er så lange at eg brukar meir tid enn vanleg på ei slik
bok. Eg keiar meg lett når bøkene vert over 500 sider.
Og kven er det som går til sengs med ei
bok som ein murstein? Nei, vil eg drive styrkeløft går eg heller på
helsestudio.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar