Oppsøkande bibliotek
Eg lurte litt på om
biblioteket hadde starta med utebibliotek rundt i området. På vegen møtte eg
nemleg denne boka av ein kjend norsk forfattar. Ho stod pent oppstilt inntil
gjerdet. No har eg lese nett denne boka før, så eg tok henne ikkje med til
låneautomaten. Det kunne jo vere at nokon brått kom på at han/ho hadde gløymt
noko og sett boka frå seg medan han/ho sprang opp att. Då eg kom ned til Ingunn
på biblioteket fekk eg forklaringa på mysteriet. Det viste seg at lånaren hadde
hatt boka i ein pose på bagasjebrettet på sykkelen. Då han kom til biblioteket
hadde han framleis posen, men boka var borte.
Då hadde allereie Ingunn fått telefon frå ei som hadde funne boka og teke henne med seg. Ho kom seinare innom og leverte "rømlingen".
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar