Eg hadde eitt
ynskje i år. Ein fotskammel. Eg måtte kvitte meg med sofaen, tidlegare i
haust/vinter. Eg har ein god stol i stova, men sakna noko å slenge føtene opp
på. Nemnde det for eine bror min og fekk beskjed om at det var no lovleg seint
å kome med slikt no. Slikt hadde ikkje han tid til, nett føre jul. Ja, ja, eg avskreiv
heile greia, og rekna med eg framleis måtte sitje og dingle med føtene.
Julaftan kom han berande på ei gåve som ikkje var innpakka, ho var til meg, fortalde
han. Ein flott fotskammel som var ein pappa hadde laga, truleg då han og mamma
var nygifte. Då laga han heile soveromsmøblementet deira. Senger, nattbord,
kommode, fotskamlar m.m. No hadde bror min pussa han opp att og eg fekk han.
![]() |
| Førsteklasses handverk |
Pappa laga
kommodar til brørne mine etter kvart som dei vaks til. Han hadde vel meint å
lage til meg, òg, men så langt kom han ikkje. Så det å få noko som han har
laga, var det finaste eg opplevde denne jula. Skammelen har eit rom inni der eg kan ha blad eller bøker eller eit handarbeid.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar