Catharina Ingelman-Sundberg
Svindel og multelikør
Silke 2012
Hoi, for ein gjeng! Pensjonistligaen er på tokt, med stokk og rullator.
Aldersheimen har fått nye eigarar og dei
innfører strenge sparetiltak. All maten er plastpakka, alkohol er forbode, mosjon
er ikkje-eksisterande. Bollane til ettermiddagskaffien vert fjerna. Då dei også
fjernar lysa på juletreet, har pensjonistligaen fått nok. På fjernsynet ser dei
ein dokumentar om livet i fengsel. Der kan dei innsette velje mellom kjøt, fisk
eller vegetarmiddag og dei får daglege lufteturar.
Mârtha, Lynet, Anna-Greta, Riva og Stina
legg planar om å gjere eit brotsverk. Dei rømmer frå aldersheimen og tek saka,
og livet, i eigne hender.
Første brotsverket vert for så vidt
vellukka, men likevel skuffande. Men pensjonistligaen gjev ikkje opp i første
vindkastet. Dei klekkar ut nye idear som skal få dei i fengsel. Attende til
aldersheimen skal dei i alle høve ikkje.
Livet tek til etter fylte 70!
Eg kjøpte boka på årets Mammut-sal. Etter
at boka kom ut har forfattaren skrive to til i same serie. Eg har allereie
skrive meg på venteliste på biblioteket.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar