fredag 23. mars 2018

Symaskiner


Eg ynskjer meg ikkje symaskin til jul

Mor mi hadde ei gammal symaskin som ho måtte sveive i gong. Det vart vel ein vane. På slutten stod eg gjerne bak og drog i stoffet fordi maskina ikkje greidde jobben, lenger. Mor sveiva med høgrehanda, ordna resten med venstre, eg stod bak og drog stoffet gjennom. Det seier seg sjølv at det vart berre det mest naudsynte som vart sydd, i heimen.
Då eg kom på ungdomsskulen skulle eg sy ein nattkjole og ei skjorte, hugsar eg. Eg fann brått meg sjølv sitjande framfor ei symaskin av det moderne slaget. Eg trødde på ein pedal på golvet og maskin starta som eit uvær. Van som eg var med mor si gamle maskin fekk eg vel lettare sjokk.
Eg har framleis eit anstrengt tilhøve til symaskiner. Når eg treng å få fiksa noko tek eg plagget med til besteveninna mi. Ho er ein racer på symaskin. Ho legg opp, ho tettar hol, ho syr og ordnar det som trengst.

Ein gong var vi på biltur, fire damer i bilen. Samtala kom inn på symaskiner og ei av damene tykte det var merkeleg at unge jenter i dag ikkje hadde slik reiskap. Sjølv hadde ho ikkje greidd seg utan, fortalde ho. Eg sa då at eg ikkje har symaskin. Ho snudde seg forundra mot meg:
«Korleis greier du deg utan?»
Då kom det tørt frå besteveninna i førarsetet:
«Ho har ei som har.»
Nei, gje meg heller strikkepinnar og ullgarn, så skal eg få til mykje fint. Eller ei broderinål og eit fint mønster.
Symaskin? Nei takk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar