Sommarsnop
Folk er imponerte over meg når eg seier
nei til godteri. Det kostar meg faktisk ingen ting å takke nei når nokon sender
rundt ei skål med snop. I grunnen er eg litt stolt, og overraska, sjølv.
Søthungeren er stort sett borte. Stort sett.
Is, derimot. Den er vanskeleg. Særleg
med ein slik sommar vi har hatt i år. No skal det seiast at eg har unt meg ein
softis når eg har hatt lyst på. Eg prøver å halde meg unna is som er dekka med
sjokolade. Då et eg heller ein softis eller ein saftis.
Jadå, eg veit det. Det finst
diabetikar-is. Eg har spurt på fleire butikkar og kafear om dei har
diabetikar-is. Svaret er alltid negativt. Dei tek ikkje inn slikt som det går
så lite av. Det er visst berre Isbilen som har skjønt at det er is-marknad for slike som meg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar