Kreativ eller alminneleg
Til alle tider har folk vore opptekne av å setje spor etter
seg. Noko som løftar dei ut av det store
alminnelege livet. Noko som viser at dei har levd.
Min
skapartrong er min «unge». Mitt DNA som lever vidare. Eg er ikkje heilt viss på kva eg skal skape, enno. Sokkar,
hattar, brurekjolar, sko, bøker, filmar, verdsrekordar, kaker. Kanskje ei
skandale eller to. Noko er det. Noko som ikkje fem millionar andre nordmenn
allereie har gjort.
Eg er ein
samlar. Eg samlar på minne frå stadar eg har vore, ting eg har vore med på. Papirserviettar,
myntar, ein fin stein, billettar. Dette må stamme frå tida då eg laga album. Du
veit, då vi tok bilete frå ferieturen og fekk dei framkalla då vi kom heim. Så limte
vi dei inn i album i lag med alle desse småtinga og skreiv tekst ved sida av.
No står
albuma og støvar ned, i bokhylla. Sjeldan eg mimrar.
Men no
lagar folk flotte scrappealbum som står i alle bokhyller bortetter. Så
originaliteten i dette kan no diskuterast.
Eg er ein plukkar. Når eg går ute i
naturen plukkar eg med meg fine røter og konglar. Tanken er alltid å lage noko
fint, skape ein flott kreasjon, ein dørkrans til jul, kanskje. Då vi rydda ut
av husværet til mor, etter at ho døydde, fann eg fleire turka røter i boda
hennar. Det var ikkje ho som hadde lagt dei der, for å seie det slik. Eg
skjønte at det vart aldri nokon dørkransar ut av dei. Så då brukte vi dei til å
fyre i omnen med. Så berre ikkje sei at dei ikkje kom til nytte.
Men det er
no så mange som lagar dekorasjonar til jul. Det er allment og i alle høve ikkje
originalt.
Men kva
skal eg skape, tru? Noko som er originalt og som er mitt, mi nisje. Noko som
gjer at eg ikkje vert gløymt, dagen etter gravferda.
I alle
høve ikkje noko med musikk. Eg er omtrent tonedøv. På skulen vart eg stilt opp
bakerst i koret når vi skulle syngje. Der gjorde eg minst skade. Songstilen min
kan vel best karakteriserast som «mellom notar». Ein gong eg gaula som verst sa
mor: «Du har`kje ein einaste tone». Blokkfløyta fekk eg heller aldri dreisen
på.
I
handarbeidstimane sleit eg med knurvete papir og sveitte trådar. Då lærarinna
såg penalhuset eg hadde hekla, kom det: «Nei, dette kan du visst bruke som
dørmatte». To vottar, den eine liten og den andre diger. Ingen av mine
handarbeids-eller sløydlærarar ville nokon gong ha trudd meg dersom eg fortalde
at eg har spøta rundt tjue gensarar, sidan skuletida.
Men no «handarbeidar»
jo folk på alle baugar og kantar. Broderer magebelte til kvitosten, heklar
bikini, strikkar kjøkkenklutar over ein låg sko. Eller kva med å feste ein søt,
hekla rosett på sandalen?
Så
uendeleg mange timar eg har brukt på «dersom eg hadde vore….» Dersom eg hadde
vore musikalsk, flink til å teikne, dyktig i sport. Ikkje grenser for kva eg
skulle gjort, kunne gjort, ville gjort, dersom eg hadde vore flink i ting eg
ikkje meistrar. Kanskje det er på tide å tenkje over kva eg faktisk er flink
til, i staden for å henge meg opp i alt eg ikkje kan. Då kan det hende eg
omsider får skapt noko eg kan vere stolt over.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar