Mary Ann Shaffer
Guernsey forening for litteratur og
potetskrellpai
Schibsted 2008
Somme bøker bit seg fast og slepper
aldri taket. Nett no les eg Mary Ann Shaffer si bok Guernsey forening for litteratur og potetskrellpai, for tredje
gong. Grunnen til at eg les boka no, er at eg nett har sett filmen og fekk lyst
til å lese boka endå ein gong. Dessutan fekk eg eit spørsmål på facebook, frå
ei veninne som skulle lese boka om att og lurte på om eg hadde sett filmen.
Trur faktisk det var eg som tipsa henne om boka, i si tid. Correct me if I am
wrong, Ingunn.
Filmen var faktisk svært god. Nydeleg
fotografering, vakker natur og personar til å verte glad i.
Mary Ann Shaffer (1934-2008), rakk å
fullføre boka før ho døydde av kreft i februar 2008. Dette vart hennar første
og siste bok. Og for ei bok. Ei perle i litteraturen.
Guernsey var okkupert av fienden, under
2. verdskrigen. Det vart etter kvart lite av alt. Ungane vart sende til
England, til kjentfolk eller framande, i eit desperat forsøk på å halde dei
trygge og for at dei skulle sleppe å svelte. Det vart slutt på såpe til
klesvask, til husvask og til eige reinhald. Maten tok meir eller mindre slutt.
Tyskarane kravde rekneskap for alle dyra, levande og daude. Ein gong vart
okkupantane likevel lurte trill rundt. Når ein bonde miste eit dyr skulle
tyskarane ha melding. Ein bonde tilkalla oppsynsmannen og bad han registrere
ein gris som hadde sjølvdauda. Jau, det var greitt, grisen var daud, han. Men så tok
naboen og gøymde sin eigen gris og «lånte» den daude grisen. Same oppsynsmann
kom, og rapporterte at grisen var daud, utan å vite at det var same grisen han
hadde registrert daud, tidlegare same dagen. Den levande grisen vart slakta og
naboen baud inn til eit herremåltid. Då gjestane skulle heim att, om kvelden,
vart dei oppdaga av tyskarane. Dei fekk spørsmål om kva dei gjorde ute etter
portforbodet. Den mest snartenkte av dei fortalde at dei hadde vore på møte i
litteraturgruppa. Dei fekk beskjed om å kome på kontoret, dagen etter, og
registrere foreininga. Slik vart litteraturforeininga fødd. Ho levde gjennom
heile krigstida og mange av dei fekk auga opp for kva litteratur og lesing kan
bety for eit hærteke folk. Eit folk som vart fråtekne radioen og ikkje fekk
tilgang på aviser.
Ps
Lurer du på kva potetskrellpai er og
kvifor foreininga heiter slik?
Les boka
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar