Vår
Eg har
fått meg ny vekkarklokke. Kvar morgon rundt femtida sit det ein gauk, orsak,
ein fugl utanfor glaset og kvivitrar. Heilt til eg står opp. Somme tider
hiv eg ein sko etter han. Like fullt kjem han att neste morgon og kvitrar
som ein tulling.
Ikkje skil han torsdag og sundag, heller.
Fuglar er
eigentleg råsmarte dyr. Særleg ender. Einaste grunnen til at dei ikkje får
drive med medisin, her i landet, er at regjeringa mistenkjer dei for å vere
kvakksalvarar.
Kvifor
kastar i grunnen folk brødsmular i vatnet? For å få endene til å møtast.
Apropos
smarte fuglar. Kva er det som er gult og glupt? Ein kanarifugl som er med i
Kvivitt eller Dobbelt.
Nei, i dag
er eg visst proppfugl, eh, full av gode vitsar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar