fredag 16. november 2018

Å skrive er ikkje for pyser

Tankar, idear, innfall

Somme tider skriv eg i fem timar. Andre gonger slit eg med å skrive fem linjer. Stundom vert eg sitjande og glo på eit kvitt ark. Så legg eg heller ein kabal eller to, eller ti. Å skrive er ikkje for pyser. Korleis skal eg vinkle dette? Kan eg skrive slik? Eg stryk og skriv om att og stryk endå ein gong. Er dette for personleg? Kanskje dette sårar nokon? Må eg endre namna på personane i historia? Ein eller annan målar fekk ein gong spørsmål om korleis han arbeidde. Då sa han noko slikt som at han kunne sitje ein heil dag og så måla han ein strek. Neste dag viska han gjerne ut streken. Slik er det med bokstavane òg. Dei slær krøll på seg og vil ikkje lyde. Så kan dei brått ta til å leve sitt eige liv.
Det er som eg har to kvinner sitjande på skuldrane mine. Ei på kvar side. Begge vil ha si historie fortalt. Ho på høgre sida heiter Maria. Hennar historie er eg i full gang med. Dei fleste har eg endra namn på, for å ikkje verte skulda for noko historiefusk.
Maria sitt namn har eg fleire gonger prøvd å endre, eg har kalla henne for Marit, Marta og litt ymse anna. Då kjennest det som ho prikkar meg på skuldra og seier: «Du, eg heiter faktisk Maria, eg».
Kven kvinna på venstre skulder er? Den som følgjer med, får sjå. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar