lørdag 1. september 2018

Ein kvardagshelt



Mamma var van med at tinga måtte gjerast fort. Ho måtte få tinga frå nevane, for det var alltid andre arbeidsoppgåver som venta. Då måtte ho ofte trive den reiskapen som låg nærast, til det ho skulle gjere. Slik som sakser. Det fekk ho aldri heilt dreisen på, at ulike sakser burde brukast til ulike oppgåver. Anten ho skulle leggje opp ei bukse, klyppe ein pannelugg eller klyppe i eit papir, ho treiv saksa som låg nærast. Så hadde ho då også huset fullt av sakser som ikkje beit skikkeleg. Ho skjønte ikkje kvifor. Når ho hadde bruk for ei saks og det låg ei på bordet, kva var då poenget med å leite etter ei anna? Då yngste sonen gifta seg, prøvde svigerdottera å lære henne at den og den saksa brukar eg til det og det. Eg trur ikkje lærdomen gjekk inn, så til slutt gav visst svigerdottera opp. Etter det vart det slik at kvar gong svigermor var ventande gøymde svigerdottera dei saksene ho var mest redd for. Svigermor kjem, gøym saksene!
Eit anna problem var at skruane vart lause etter lang tids bruk. Ein nabo fann ut at han skulle «hjelpe» henne og han tok saksene og skrudde fast skruane. Problemet var berre at no var skruane skrudde så fast at saksene vart uråd å få opp, dei vart ubrukelege. Så då hadde ho eit par sakser som ikkje beit og eit par som var så fastskrudde at dei var ubrukande av den grunn.


Men trøyste deg som ho kunne fikse eit klesplagg. Stoppe sokkar, leggje opp bukser, setje i glidelås. Med ei gammal handdriven symaskin og sakser som ikkje beit. Rådlaus var ho sjeldan.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar