Tilfeldige møte
«A stranger is just a friend you do not know”,
song Jim Reeves, for fleire år sidan.
Desse tilfeldige møta, som berre skal vere
det. Tilfeldige, hyggelege samtaler i natta. Eller i dagen. Folk ein møter på
festival, medan ein ventar på ein buss, matkø eller billettkø. Eller vert
sitjande ved sida av, på bussen opp att, om natta.
I Førde har vi nett hatt
folkemusikkfestival. Nesten like fint som alle konsertane ein kan gå på, er det
å treffe ukjende folk over eit ølglas eller ein matbit.. Det sit folk ved alle
bord i kafeen og sjølv ein sunnfjording som meg må kvinne meg opp og spørje om
det er plass til ein til, her. Som oftast er det plass eller så lagar ein
plass. Så sit ein der då, og finn seg brått midt i ei samtale med menneske som
har ei spanande historie å fortelje. Nokre er på festival for første gong,
andre kjem attende kvart år. Ei natt vart eg sitjande og snakke med ei dame som
var på festival i Førde for sjette gong. Ho kom frå Oslo og kjende seg litt som
ein egoist, sa ho, som reiste hit åleine og gjekk på alle dei arrangement ho
greidde å få med seg. Somme tider kom ho i lag med mann eller veninner. Då
måtte ho ta omsyn til kva dei ville gå på. Reiste ho åleine var ho fri til å gå
på alt ho sjølv ville. Eg vil ikkje kalle henne egoist, det handlar vel meir om
å syte for å få påfyll og energi av musikk og positive opplevingar. Ho var i
grunnen samd i det.
På Pikant skulle det vere konsert i teltet.
Vi sat og venta på at dørene skulle opnast. Eg kom i prat med ein hyggeleg kar
som skulle på same konserten. Vi diskuterte musikk, forventningane til denne
konserten, andre konsertar vi hadde vore på. Kva han heitte? Ikkje aning, det
var heller ikkje meint å vere anna enn eit hyggeleg møte i sommarnatta.
Tidlegare på dagen stod eg i matkø i
kafeen. Der stod det ei dame som lurte på om eg ville ha middag. Ho hadde
matkupong og då kunne ein forsyne seg to gonger. Ho var mett etter å ha ete ein
porsjon, så om eg ville kunne eg få hennar billett og forsyne meg. Å gje vekk
eit måltid mat til ein heilt ukjent som står i kø er i alle høve ikkje eg van
med. Men eg takka pent og tok i mot. Godt var det, òg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar