Nostalgi
Vi var nokre damer som tok turen til Leonards forlaavelse. Her er det triveleg og godt å vere. Nydeleg mat i vakre omgjevnader. Her er det høve til å sitje ute og nyte sommaren. Er det ruskevêr er det like fint å sitje inne, nyte naturen gjennom store glasdører.På låven har Tone laga til utsal der ho sel alt frå mønster og garn og tilbehøyr til ferdige plagg, puter og ei mengd andre varer.
Desse arka gjorde meg reint nostalgisk. Eg hugsar desse papirdokkene frå då eg vaks opp og vi fekk gamle vekeblad frå ei hyggeleg nabodame.
No hugsar eg ikkje kva for eit vekeblad dei kom i og kor ofte dei kom. Men eg hugsar eg limte dei på kartong før eg klypte dei ut. Så teikna eg nye klede til dei. Meiner å hugse at det helst var jentedokker, så eg var særskilt glad i å teikne fotside selskapskjolar. Etter kvart fekk dokkene eit garderobeskåp eg sjølv berre kunne drøyme om. Kanskje det var klesdesignar eg skulle vorte.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar