Førre laurdag var eg på bokslepp, utstilling og 50-årsfest på kroa på Hellevika. Grethe Kjøsnes hadde mykje å feire, bok og utstilling og rundt tal. Ho slo like godt saman alt og laga ein flott fest. Om kvelden var det middag, men det stod eg over, då eg kombinerte det med visitt hos Inger og Torleif i Høydalen.
![]() |
| Forfattaren les sjølv |
![]() |
| Eit lite stev høyrer med |
Litt av sundagen bruke Inger og eg til å leike oss på kjøkkenet. Vi laga brente mandlar, heilt utan sukker. Inger laga mandlar med mykje krydder, eg laga nokre med balsamicoeddik. Gode vart dei, begge typane. Så baka vi lussekattar. Det hadde eg aldri gjort før, så eg vart no i grunnen rimeleg godt nøgd med resultatet.
![]() |
| Mine første lussekattar |



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar