fredag 27. desember 2024

Vatn og brød

 Denne jula vart det ikkje noko kakebaking å snakke om. Heldig då at eg har fleire i omgangskretsen som bakar. Midt i adventstida var eg på vitjing hos ei veninne. Ho kjenner meg såpass at ho sende med meg inn att eitt julebrød og ein boks med sirupssnippar. For ikkje å snakke om at eg fekk med meg eitt glas med moltesyltetøy.  For å sitere meg sjølv:

«Mitt siste måltid skal bestå av lakris og molter. Ikkje nødvendigvis i lag». Ei litt forseinka bursdagsgåve fekk eg, mellom anna ein boks med sjokoladetrøffel.

Ein boks sirupssnippar hadde gøymt seg nedi ei julegåve. Den boksen var det svigerinne Liv som hadde fylt opp. Jammen var kakene gode, òg.

I romjula fekk eg tid til å montere sodastreamaren eg kjøpte meg i haust.

Å jaudå, eg har då både bakst og boblevatn. Meg er det  ikkje synd i, nei.



lørdag 21. desember 2024

Mangt slags

 Mykje rart ein syslar med, når det næmar seg jul. Nett no driv eg og les om gamle utedoar. Kvifor brukte ein aviser og vekeblad som dopapir og kvifor hengde ein bilete, av kongen, opp på doveggen? Her kom eg borti mykje interessant lesestoff.  Det viste seg at under krigen fekk tyskarane vite at nordmenn var nokre ureinslege folk. Difor heldt nazistane seg unna utedoane, grunna smittefaren. Dermed vart utedoen ein fristad, for ei lita stund. Fann ein bilete av kongen, i bladet eller avisa, reiv ein det ut og hengde det på veggen. Det gjekk då ikkje an å turke seg bak, med eitt slikt bilete. Å henge det opp i stova kunne vere risikabelt, men på doveggen gjekk det betre.

søndag 15. desember 2024

Julegåve-ynskje

Eg har visst masa litt for mykje om at eg ynskjer meg ein soda streamer, ei slik kolsyremaskin som eg kan ha på kjøkkenbenken. Så kan eg tappe vatn og ha kolsyre i. Trur eg skal spare pengar når eg ikkje treng å kjøpe vassflasker med kolsyre, som Pepsi og Farris. Eg og Inger sat og såg på nettet, og fann ut at Elkjøp hadde tilbod på slike kjøkkenmaskiner og dermed tinga eg ei, med ein gong. Betalte med vipps, så var det unnagjort.

Men, som sagt, eg hadde visst masa litt mykje om ynskjet mitt. For då eg ringde bror min og spurde om han kunne hente vara når ho kom, vart det stille i andre enden av røyret, nokre sekund. Så kom det: "maken til kvinnfolk, kunne du ikkje ha venta til etter jul". Det er då ein skjønar at ein kansje er litt vel impulsiv, til tider.

No har eg fått beskjed om at vara kan hentast i den lokale butikken. Men eg har enno ikkje ringt bror min om henting.

torsdag 5. desember 2024

Mellom nedvask og julekort

 

Her ein dag fann eg ut at eg skulle multitaske. Først fann eg fram ein del verkty og papir og papp og anna som eg skulle bruke i julekort-scrappinga. Så ringde Oddbjørg og minte om at det var levering av plast og papir. Eg fann det eg hadde lagt til levering og var stad og fekk hivd det i dertil høyrande dunkar. I same snuen fekk eg setje ei iskake i frysaren deira, for eg hadde tenkt å avrime min eigen. I det siste hadde eg ete ut av han. Jammen fann eg ein boks med heimelaga kjøtkaker under iskaka. Så eg hadde då til middag, om dagen.

Innimellom julekorta og spøtet  og vaskebøtta og avriminga stod eg og beundra mitt siste verk, eitt lyseblått julekort. Det var fint, heilt til eg oppdaga at engelen var limt på, opp-ned. Om eg var sur, neidå, eg var så forarga at eg heldt på å seie nokre ord eg ikkje brukar å ta i min munn. Eg var i alle høve glad for at ingen var i nærleiken nett då.

torsdag 28. november 2024

Snart advent

 

I dag laga eg pastagrateng og innimellom gjorde eg unna litt av julevasken. Eg laga seks porsjonar med grateng, ein til dagens middag og så putta eg fem porsjonar i frysen. Så har eg til fem middagar, framover.

Innimellom vaska eg ut or bestikkskuffa, og så for eg over alle dørkarmane. Og eg som trudde at eg var så streng at støvet ikkje torde leggje seg. Der tok eg feil, gitt.

Til helga er det visst 1. sundag i advent. Gler meg til å opne første posen i kalendaren. Skal opne ein kvar sundag, fire stk.

torsdag 21. november 2024

Forventning

 No har eg laga så mange julekort at eg trur eg har starta på neste års produksjon. I går var eg og ei veninne på ein liten dagstur til Sandane. Eg hadde sett meg ut noko eg skulle ha til scrappinga, og på Fantasi fann eg både det og meir til.  Så måtte vi stoppe på Byrkjelo og ete middag hos Bakar Jon. Etterpå måtte eg sjå litt i vareutvalet han har ved sida av restauranten. Der fann eg diverse som gjorde lommeboka litt slankare. Eitt brød, spekepølse og litt anna. Brått hadde eg kjøpt to julegåver. Rart kva ein finn når ein ikkje leitar.

lørdag 16. november 2024

Julevask

 Nei, no trur eg Vårherre må ha hatt storvask. No har det ausa ned i fleire dagar. Det gode med regnet er at ein treng i alle høve ikkje måke det vekk, det renn vekk stort sett av seg sjølv. Men i dag, eller i natt, snudde det litt, for no er det så vidt eitt kvitt dekke over landskapet. Spanande å sjå kva det vert i morgon. For den som er oppteken av slikt.

fredag 8. november 2024

Pakketur

 Måtte ein tur til sentrum, i går. Først gjorde eg unna det litt "kjedelege", leverte ei prøve på laben, var innom apoteket, panta flasker og slikt slag. Så gjekk eg på Princess, der eg skulle hente ein pakke. Stas å kunne sitje heime og tinge hobbyartiklar frå nettbutikk, for så å hente det i ein butikk, nokre dagar seinare. Sjølv om eg visste kva som skulle vere oppi, berre måtte eg opne pakken då eg var heime, att, og sjå kva som låg inni. Heilt som forventa, ti nøste i rein ull, fem blå og fem gule. 

No har eg, under arbeid, eitt pledd i tweedgarn, ei barnehuve og eitt babypledd. Så har eg ein adventskalendar med fire strikkeprosjekt, eitt for kvar sundag i advent. Siste tilskotet, så langt, er dei ti nøsta eg henta i går.

No vonar eg berre på mange koselege julefilmar på fjernsynet, framover, så eg får setje meg ned med strikketøy og pinnar.

onsdag 30. oktober 2024

Fotterapi

 

I går gjekk eg til Førde, skulle til fotterapeuten og så hadde eg tenkt å gjere eit par andre ærend når eg først var ute. Det rann elvar etter vegen, kjendest ut som eg prøvde å gå på vatnet, men plumpa gjennom heile tida. Då eg kom inn til Laila vrengde eg av meg skorne og hengde sokkane opp til tørk. Så var eg i himmelen ein times tid. Først sat eg eit par minutt i fotbadet. Så turka ho føtene med ein litt grov handduk. Deretter klypte, polerte, pussa og skrapte ho, før ho masserte føtene med ein god krem. Ingen ting gjer vondt, men den pussinga kitlar så grueleg. «No er det like før eg sparkar», sa eg. Ja, det hadde ho opplevd før, let ho om, så det var ho van med.

Dama er verd kvar ei krone. Men skorne måtte eg setje i turkaren, då eg kom heim att. Og sokkane? Dei la eg ute ved vaskemaskina.

fredag 25. oktober 2024

På handletur

 Det handlar ikkje alltid om å gå ei ekstra mil. Det hender det held med eit par steg. I går var eg innom Bokuben i Førde. Eg skulle kjøpe ein Big Shot. Det er eitt verkty som er svært hendig i scrappe-arbeidet. Tidlegare har eg brukt å låne, når vi har vore på treff. No når julesesongen er i kjømda, fann eg ut at det måtte vere greitt å ha ein, sjølv. Julekort-skapinga vert straks lettare når ein har ein sjølv ståande på bordet.

Eg spurde Rolf, på butikken, kvar dei hadde Big Shot-ane ståande. Eg ville gjerne kjenne på øskja, kor tung ho var, då eg skulle gå ein del av heimvegen. Jau, Rolf følgde meg bort til rette hylla og tok ut ei øskje. Øskja var tung og ikkje minst stor. Denne går ikkje opp i sekken. Nei, han var samd i det, øskja var for stor. Han føreslo at vi kunne pakke opp reiskapen og ta vekk all pappen rundt. Ja, gidd du det, spurde eg. Klart han gjorde det, fekk eg beskjed om. Han opna øskja, fjerna tapen og all pappen og heile øskja. Då fekk Big Shot-en fint plass i sekken min.

Eg var innom Telenor-butikken. Eg ville få justert datamengda som var lagt inn på telefonen og så spurde eg Bård om han kunne hjelpe meg med å installere vipps og lære meg å bruke han. Ja då, det kunne han vise meg. Då vi kom så langt sa eg til han at dette måtte han ta sakte og forsiktig, for det var ikkje sikkert eg skjønte det med ein gong. Ja, han tok det sakte, og peikte og forklarte kva eg skulle gjere. Eg takka han for at han var så tolmodig, og sa at han hadde vel hatt kjappare kundar. Åh, han hadde då hatt treigare kundar, òg, let han om.

Kjekt med butikk-tilsette som gjerne går nokre steg ekstra for at kunden skal verte nøgd. Får eg god service på ein butikk kjem eg gjerne att. Diverre har eg opplevd det motsette, òg. Men dei hoppar eg lett bukk over.



lørdag 19. oktober 2024

Gardin

 Eg hadde ein gong to raude gardinfag. Her i veka vaska eg rundt litt på kjøkkenet, tok ned gardina eg hadde der. Heiv dei i maskina. Så skulle eg henge opp dei raude. Men eg må visst ha hivd det som var mest slite og falma i fargen. Det var i alle høve ikkje å finne på nokon av dei stadane eg leita. Så eg hengde opp det eg hadde, og innstilte leitinga vidare. Trur eg får klyppe det eg har i to og lage to stk av det. Veninna med symaskin kjem nok til å få vitjing før jul.

fredag 11. oktober 2024

Nøtteroser

 No vert det mykje matprat her. Men eg har omsider vorte glad i å kokkelere litevetta.Mamma vil vore stolt. Eg har lenge hatt oppskrifta hengande på døra til kjøleskåpet. Eigentleg skal eg ikkje ete så mykje av slikt bakverk, men det er "greitt å ha i frysen".  Eg halverte mengda med melis og reduserte på sjokoladen. Likevel vart dei fullt søte nok, etter min smak. Rosene skulle duppast i smelta sjokolade og frysast raskt.

Eg gløymde i farten å ta bilete av dei, så det får eg få gjort, når dei vel er frosne. Då skal eg ta dei opp og pakke dei betre før eg frys dei, att. Det verste med å lage mat er at eg har snart ikkje plass i frysen. Det stod at det skulle verte ca 18 roser, eg fekk 31. Må ha laga dei mindre enn det som er vanleg.

fredag 4. oktober 2024

Kjøkkenskrivaren

 

Min stoltaste augneblink som kjøkkenskrivar

Då mor vart sjuk bytte vi ungane på å reise heim, ringe henne og elles det som trengdest. Han som budde i bygda tok det meste av det daglege, dei var ute og laga middag og åt, i lag med henne, ein gong i veka. Dei stakk gjerne innom henne og såg til at det gjekk bra med henne. Han som budde lengst vekke, på austlandet, hadde eitt fast tidspunkt som han ringde på. Då passa ho alltid på at telefonen var fullt opplada. Det måtte ikkje bryte, i dag. Vi to som heldt til i næraste tettstaden, bytte på å reise til henne, vi hadde kvar vår helg. Det gjekk seg til, etter kvart som vi vart vane med det, sjølv om vi aldri skreiv ned nokon plan.

Ein sundag hadde bror min og kona vore hos henne. Svigerdottera hadde laga til sommarkotelettar og dei var visst gode. Ho er kjent for å lage god mat. Mor tykte det var lettare å få i seg mat når ho sat i lag med nokon, ho hadde aldri vore van med å ete åleine.

Helga etter var eg heime. Då hadde mor sommarkotelettar i frysaren. Desse hadde ho lyst på, sundagen. Ja, vi tok opp kotelettane, etter frukosten, og la dei til tining.

Då vi skulle lage middag, sat ho ved kjøkkenbordet og såg på at eg laga til kotelettane. Eg gjorde så godt eg kunne og ho kom med eitt par gode råd, undervegs.

Då vi sat og åt, litt seinare, sa mor: Dette var godt, dei var like gode som Liv sine. Då var eg stolt, då.



lørdag 28. september 2024

Førebuingar

 Det stundar til jul, i alle høve her i heimen. Kantband er innkjøpt og strameien med tekst og illustrasjonar er brodert og no skal alt berre monterast til forklede og bilete. Plommelikøren er sett og skal berre snuast litt kvar dag, i ein to-tre månaders tid. Nokre makramé-flettingar heng på ei dør og må flyttast kvar gong eg har ærend etter noko inne i skåpet. Kva eg skal bruke flettinga til? Mnja, veit ikkje heilt, men noko vert det, berre eg får tenkt litt.

Fekk beskjed om at adventskalendaren eg hadde tinga, var komen og klar til henting. Oddbjørg var i sentrum og ho lova å hente pakken og ta han med seg. Det gjorde ho, stakkars. Denne dagen gjekk ho, og pakken var stor og uhandterleg. Hadde eg visst korleis han såg ut, hadde eg aldri spurt. Eg har dårleg samvit, enno. Men no er han i hus og det er framleis to månader til advent.

torsdag 19. september 2024

Forventning

 Så fint å ha noko å glede seg til. Forventninga er nesten halve gleda ved opplevinga.

Eg ventar på melding om at stolen eg har kjøpt har kome og kan hentast. Eg har allereie snakka med nokon som kan hente han til meg.

Her om dagen tinga eg ein adventskalendar, på nettet. Han skulle kome til ein butikk nær meg i løpet av ei veke. Det verste vert å vente til advent med å opne han. Det er ein slik som skal opnast kvar sundag og så er det eitt strikkeprosjekt i kvar av dei fire posane. Men kva prosjekta er, står att å sjå.

Eg har skrive ein artikkel i eitt lokalt tidsskrift, som kjem ut i desse tider, eller noko nærare jul. Eg er så spent på å sjå korleis dei har sett han opp, korleis artikkelen min ser ut på trykk.

Kva ventar rundt neste sving? Førjul, adventstida, ja heile livet er i grunnen fullt av forventning.


fredag 13. september 2024

Ny type insekt , aldri før sett

 

Ein morgon opna eg brødskuffa, før eg hadde fått på meg linsene. Eg hadde vel tenkt å ta opp eitt eller anna før eg gjekk på badet. Det var då eg såg insektet midt i blant bananene. Eg greip det første eg fekk tak i, kaffikruset, og prøvde å ta livet av det som definitivt ikkje høyrde heime i skuffa mi. Eg fekk skvisa det såpass at eg tok det opp i den tru at det var steindaudt. Då eg vel hadde fått på meg linsene såg eg kva det var for insekt. Eg hadde stått og myrda stilken på banana.


fredag 6. september 2024

Tilfeldig møte

 

Her ein dag gjekk eg forbi ei dame som var så flott i antrekket at eg hadde lyst å gje henne ein kompliment. Men så tenkte eg at eg kjenner ikkje dama og kanskje ho ikkje ville like å verte tilsnakka av framande folk. Men så smilte ho så fint då ho såg meg at eg berre måtte stoppe og seie kva eg tykte: "Du er så fargerik og flott", sa eg. Ho smilte pent og takka: "Eg er på veg til ei veninne", sa ho. Ho hadde ein varm blåfarge både på overdelen og på buksene, og så hadde ho ein litt sid, oransje frakk utanpå. På toppen hadde ho ein manke med heilt kvitt hår. Nydeleg var ho.

Kanskje vart dagen litt finare fordi nokon såg henne. Det er lov å håpe. Smilet hennar varma i alle høve meg.

torsdag 29. august 2024

Kjøkkenskrivaren

 

Brukte nokre timar på kjøkkenet, i går. Målte opp, hakka, kutta, steikte og kokte. Sju beger med pastasalt, det vert gode middagar, framover. Etterpå var det oppvasken, han tok nesten like lang tid. Rart kor mykje rot det vert av matlaging. Men no ser kjøkkendisken fin ut, att. Så lenge det varer. I morgon tenkte eg å lage kjøtkaker. Skal berre sjå om egget er brukande.

Hyggeleg inne-syssel å arbeide på kjøkkenet. Ute er det: "vere- inne -og- kose -seg -vèr".

Det kan jamvel tenkjast at dette kjøkkenarbeidet mitt tener som ein liten slankekur. Når ein lagar mat og står i matos, fleire timar, vert ein liksom mett av lukta.

fredag 23. august 2024

Treningsøkt

 

 

Åtte glas med nylaga plommesylte stod på kjøkkenbenken. Så måtte eg rydde og vaske opp kjørela og få alt på plass att i skuffer og skåp. Eg måtte få levert panna og ausa som eg hadde lånt hos øvrigheita. Då eg skulle ned att fann eg ut at eg skulle ta ei økt på sykkelen. Han var brått skubba meir inn mot veggen og utebordet, det var vel potteplanta som skulle ha plass og få kome under tak.

Først prøvde eg å flytte eitt bord som stod der. Det var då det skar seg. Eg trudde bordet var i eitt stykke. Det viste seg at steinplata var laus. Og tung. Der stod eg med ei tung steinplate i hendene. Understellet stod att, men så var det å få det på att, då. Eg fekk lirka telefonen opp av lommen og ringde dei eg nett hadde vore hos og levert panne og ause. Då ho tok telefonen sa eg at no måtte ho «sjå i nåde til meg, arme, syndige menneske». Eg bad henne kome ut i trappa, så la eg på. Bordet var tungt, som sagt, og eg hadde ikkje lyst til å stå og halde på det lenger enn naudsynt. Men eg høyrde ho tenkte høgt, før eg fekk lagt på: «no har ho ramla ned trappa». Men det hadde eg ikkje, ikkje ein einaste finger var broten eller forstuva. Ho såg kjapt kva som var på ferde, då ho kom. I fellesskap fekk vi flytta steinplata dit ho skulle og lirka alt på plass. Så kom eg meg opp på sykkelen og fekk såleis trena både armar og føter, den økta.

torsdag 15. august 2024

Handletur

 

Ein vanleg handletur, dvs ein tur innom ein matbutikk, tek meir og meir form av ein vitskap. No har eg fått dilla på kavring og surmjølk til kvelds. Det skulle vere overkommeleg å handle inn to ingrediensar. Her ein dag var eg på butikken og skulle kjøpe med meg ein kartong med surmjølk. Først måtte eg bla meg gjennom diverse Q-mjølk med smak og Biola med diverse smakar. Eg spurde ei som stod og fylte opp i hyllene, om dei hadde surmjølk, eller kefir, men ho skjønte ikkje kva eg meinte. Eg tok med ein Biola-kartong bort i kassen. Der sat Magnhild og eg spurde om dei ikkje hadde vanleg kefir, lenger. Jau, då, heilt nede og til høgre. Der fann eg då endeleg kefir, heilt utan nokon tilsett smak. Så var det kavringar. Eg trefte på same dama som i stad og spurde kvar kavringane var. Ho spurde om det var havregryn eg meinte. Då gav eg opp og gjekk rundt alle reolane eit par gonger, heilt til eg fann kavringane. Eigentleg burde eg vel kjøpt ein to-tre posar, når eg først fann dei. Det hender nemleg at dei flyttar på seg, og no er eg lens.

fredag 9. august 2024

Haust

 Rart så fort sommaren gjekk. No er det visst haust. I alle høve er det grått og, ikkje minst, vått, utanfor. Det er nesten så eg må ta på fullt oljehyre berre eg skal opp og sjå etter post. 12 varmegrader, så det er langt frå kaldt, men det er så grått, alt. "Dei gamle fjell i syningom er alltid eins å sjå..." Men når skodda heng nedover fjelltoppane er det som fjelltoppane har gøymt seg.

Ja, ja, regnet gjer godt for jorda og hausten kan verte fin, han.

mandag 5. august 2024

Fest heile helga

 Det er lenge mellom kvar gong eg er på fest der eg pyntar meg. Oj, der  var det ein liten flekk frå sist eg brukte antrekket, det la eg ikkje merke til då eg hengde det inn i skåpet. Men det er berre eitt lite, på ermet, så det får fare.

Først dreg eg til ei veninne, der skal eg overnatte i helga. Dei er nett ferdige med slåtten, så då får eg vere med på slåttegrauten, sjølv om eg ikkje har teke mi hand i ei rive eller ein stuttorv, heile sommaren. Om kvelden pyntar eg meg så fint eg kan. Så går eg ned i stova til dei andre: Kan eg gå slik? Etter at antrekket er godkjent, kjem eg på at eg må låne ei lita veske. Det får eg og fargen matchar skorne heilt perfekt.

Festen var fin, jubilanten fekk mange gode ord å varme seg på, til hausten. Det fastlagde programmet var fint, det same var dei impulsive innslaga. At eg var med på quiz-laget som kom nest-sist får så vere. Etterpå hadde eg tinga skyss med ei som skulle forbi der eg overnatta. Eg ymta om at eg kunne gå av i krysset, men ho ville køyre meg heilt fram. Det var eg glad for, sidan regnet gjorde sitt beste for å bløyte opp vegen.

Alt i alt, ei fin--fin helg og ein fin-fin fest. 

lørdag 27. juli 2024

Dei som gjekk føre

 

Eg skriv soga om slekta mi. Eg vil ha med litt historie om livet dei levde, korleis kvardagen var, kva åt dei, kva gjorde dei på, om kveldane? Ikkje så mykje eg veit, men eg skundar meg og skriv ned det eg veit, det mor mi fortalde. Så plagar eg eldre slektningar med spørsmål. Det eg angrar mest på, i mitt liv, er at eg ikkje spurde bestefar meir, då eg hadde høve. Men var vel eg særleg interessert i «gamle dagar», då eg var tretten år? Tenk kva han kunne fortalt, om eg hadde masa og spurt. Men litt veit eg. I alle høve den meir nære soga. No driv eg og skriv om skulevegen til mor mi. Det var noko til tur, det var ikkje berre å setje seg på ein buss og verte frakta dit ein skulle.

Dette slektstreet trur eg kjem til å fylle ei heil bok.

fredag 19. juli 2024

Singing in the rain

 Hadde eigentleg tenkt å gå i dusjen, då eg stod opp, i dag. Men dusjen min var oppteken. Der hang antrekket frå gårsdagen. Eg var ute og gjekk, kom att med full sekk og to fulle bereposar. Våt til skinnet. Trusa var visst det einaste på kroppen som var turt.

Så då eg kom i hus tok eg av meg skorne og sette dei i turkaren. Så droppa eg sekk og posar i gangen og gjekk på badet der eg vrengde av meg og hengde opp det meste av antrekket. Litt her og litt der, sokkane hamna i ei rue attmed vaskemaskina. Greitt å ha eit velfylt garderobeskåp, så vart det eitt nytt klesskift, til kvelden.

Deretter er det å pakke ut og setje varene på plass. Det som nesten tek mest tid er all emballasjen som berre skal sorterast og hivast. Undervegs er eg oppom bossdunkane eitt par vender. Først med matavfall, deretter med papiravfall. Innimellom vaskar eg opp eitt og anna som står på kjøkkenbenken. Nokre sitronar eg kjøpte førre veke, vert skvisa.

Til neste handletur tingar eg godt vèr. I alle høve opplett.

lørdag 13. juli 2024

Fantasi

 Draumen om å skape

Stundom vert ein litt trøytt av å puste inn same lufta, heile tida. Då er det kjekt å ha ei veninne med bil, ei som inviterer meg med på tur. Vi har teke ein del dagsturar i nærområdet. Vi har vore i Dale, Florø, Sandane, Sogndal. Denne veka fann vi ut at vi skulle vitje favoritt-butikken min, Fantasi på Sandane, pluss eit par ting til. Etter å ha hatt nær «scrappeturke» i over eitt år, er det reine sælebota å kome inn i fantasiverda til Inger Karin. Her er stoff, garn, her er stensilar, 3d-bilete, scrappeark med bikerbabes og gamle gubbar. Her er noko for dei som vil sy gardiner, strikke ein gensar, scrappe eitt kort eller to.

Eg hadde som sagt scrappeturke og skulle ikkje kjøpe noko særleg, berre kike litt. Men i det same eg kjem inn døra legg eg visst vitet att utanfor. Eg kjøper kort som skal broderast, eg kjøper kortpakke med utstansa kort som berre skal setjast saman. Eg kjøper utklyppsark med bikerbabes og med gamle gubbar, eg kjøper artige stempel.

Som eg gler meg til å starte på alt saman. Scrappeturke, du liksom.


fredag 5. juli 2024

Ny sofa

 

Sofa

I ein alder av over seksti må det vere greitt å kjøpe ny sofa. Tidlegare har eg fått, arva, brukt luftmadrass. No har eg tinga min første sjølvkjøpte sofa. No får eg han som eg vil, storleik og farge er heilt etter min smak og ynskje. Så no er det berre å vente til hausten, då han skal vere ferdig til levering.

Ingen som kjenner meg bør verte overraska over fargen.

søndag 30. juni 2024

Årets første

 I dag var eg ut og plukka mitt første jordbær for sesongen. Det hadde ikkje teke skade av å stå ein dag eller to til. Men det var så freistande at eg plukka det og åt det. Så er det berre å vente på om dei andre knoppane raudnar i kinna, utover sommaren.

fredag 21. juni 2024

Sommarsyssel

 Han har ikkje heilt bestemt seg, sommaren. Men no held han på å få overtaket, det er varmare i véret og det er vanskeleg å sove bort sommarnatta. Eg har vorte reine morgonfuglen. Får nyte det så lenge det varer. I går planta eg ut nokre små sitronsteinar, dei er eg spent på. Dessutan potta eg om ei stoveplante som hadde vorte vel stor. Vert litt inspirert av vertinna, ho står omtrent dobbel, støtt. Ho plantar ut, ho plantar om  og ho plukkar inn att dei finaste bukettar.

God sommar

søndag 16. juni 2024

Sommartur

 Helga vart ikkje nett slik eg hadde tenkt. Men ho vart bra, likevel. Ein tur i Brandsøya og vitja eitt søskenbarn. Laurdag hadde vi tenkt oss på Askrova der mannen hennar er frå. Vèr-meldinga var såpass at vi droppa det og gjekk heller ein tur i Sørstrand Folkepark, der vi kunne sjå over til Askrova, så eg fekk sjå kva vi gjekk glipp av.

Sundag drog vi i Kvammen og vitja eitt anna søskenbarn.  Dei var heime og såg ut til å verte glade for å sjå oss. Vi mimra over gamle album, med slekt og kjende på så mange sider.

Ei triveleg helg. Reine slektstreffet.

fredag 7. juni 2024

Å rydde ein barndom

Å rydde ein barndom

 

Lars, Kari og Ola Bremnes

Når du går

Gyldendal 2023

Øskjer og kassar og møblar. Å rydde etter foreldra vil seie å rydde seg gjennom heile barndomen, alt foreldra har spart på av barndomen din. Teikningane du gav dei, julegåver ein gav og fekk, alle fotografia.

Huset sitt hjarte var mammas piano. Korleis skal dei greie å kvitte seg med dette instrumentet som ho spelte på kvar dag i over 80 år? Alle syskena har eigne piano, ingen har plass til det. Men å late det stå att eller å selje det vil vere eit svik.

Det fine serviset har alle lyst på, kven skal få det?

Alle gjenstandane som no har mist eigarane sine, kven har plass og kven skal få Lego-figurane til Lars. Sjølv kjem han ikkje til å leike meir med dei, men kanskje ungane? Så kjem han på at ungane no alle er i 20-åra. Kanskje, om nokre år, barnebarna?

Ei rørande bok om levd liv, om å måtte velje kva ein skal ta med, vidare og kva ein skal legge igjen.

fredag 31. mai 2024

Putevar

 

Puta mi

Det er lenge sidan eg kjøpte dei, putevara frå Iren (Iren Kleiven). Ho målar så fint og så brukar ho eitt Jakob Sande-sitat til. Ein søv så godt når ein ligg på ei pute der det står: Ute rår den myrke natt. Sov og drøym du min dyre skatt. Under den bleike stjerne.

Eg har ikkje tort å bruke dei, fordi eg var redd for å vaske dei. No har eg brukt eitt av dei og her ein dag vaska eg det varsamt, for hand. La det i bløyt i lunka vatn, skylte det i varmt. Eg torde ikkje vri det, så eg klemte vatnet ut av putevaret og hengde det opp på snora ute.

Det har tolt handteringa, både teksten og illustrasjonane er like fine.

Bilete tok eg, òg. Men eg trur eg må stryke det, først, før nokon får sjå det.

 

lørdag 25. mai 2024

Det er sommar

 

Det er sommar, det er sol og det er torsdag 

Torsdag hadde eg tenkt å støvsuge stova, vaske badegolvet og golvet på soverommet. Då eg vakna skein sola så varmt inn stoveglaset mitt at eg berre måtte setje meg ut på tunet med morgonkaffien. Eg tok med spøtet og vart sitjande minst ein time. Ein liten tur på sykkelen vart det, òg. Det er ein slik sykkel som står i ro, same kor mykje eg syklar, han er grei slik. Eg hadde ikkje det minste lyst til å starte med husarbeid så eg sa til meg sjølv at eg skulle gjere det når sola hadde kome over hustaket og skein på hi sida av huset. Då ville klokka vere bortimot tolv. For inn gjennom stoveglaset mitt er det morgonsola som rår. Klokka vart både elleve og tolv, og eg tenkte at dagen er lang enno. Husarbeidet kan vente til i ettermiddag.

Det vart gjort, golva vart vaska, stova vart støvsuga, men eg trur eg brukar meir tid til å kvi meg enn til faktisk å gjere det. Eg har i alle fall funne ut at husarbeidet er kjekkast når det er gjort. Dessutan er det viktig å nyte sola og sommaren når vi no først har han her. Golva og sofaen står det framleis når regnet kjem. For det kjem.


fredag 17. mai 2024

Til lukke med dagen

 Der andre land har militærparader i gatene, har vi barnetog. Leikar og is og taler for dagen.

Vi trekte vinnarloddet då vi vart fødde i dette landet. Ikkje alle var så heldige. Til lukke. Måtte alle få ein fin dag.

tirsdag 7. mai 2024

Skiftande skydekke

 

Jaså, så det var den sommaren. Frå 22-25g og sol eine dagen til 9g og regn, neste dag. Men han kjem kan hende att. Sommaren altså.

søndag 5. mai 2024

Sommar

 Det er 21 varmegr midt på dagen. Så no har visst sommaren kome for fullt. Fredag hadde eg nokre ærend i sentrum. Mellom desse kjøpte eg meg ein softis, og sette meg ute på ein benk. Årets første softis, det er for meg eit sikkert sommarteikn.  Eitt anna fint sommarteikn er når ein kan henge ut klesvasken. Det er ingen ting, nesten, som luktar så godt som når ein kan ta inn nyvaska sengetøy som har hengt ute på snora. Det luktar så friskt og eg vert gåande og snuse på det, heilt til eg har lagt det i hop.

God sommar, folkens

tirsdag 30. april 2024

Hobbyaktivitet

 

Mai kjem, med fire ekstra helgedagar. 1.mai, Himmelspretten, nasjonaldagen og 2.pinsedag. Eg har vore ute og handla inn til litt hobbyaktivitet. Først var eg på Rikken og kjøpte diverse råmer og passepartout til bilete og teikningar eg har liggjande. Så var eg innom Kid og kjøpte ei pute. Det er lenge sidan eg kjøpte putetrekk frå Iren (Kleiven), utflytta Dalsing og kunstnar som nyttar Jakob Sande-sitat i kunsten sin. Eg har på ein måte ikkje hatt råd til å bruke dei. Er redd for å slite dei ut. Men no skal dei få kome ut og fram i lyset.

Eg seier, med ei lita omskriving, som Halvor Bakke:

Noreg er ikkje skapt for å sitje på ræva. Nei, men du verda kor mange fine handarbeid det kan verte ut av det.

lørdag 20. april 2024

God helg

 Sat ute i eit par omgangar, i dag. Men trass i fleire varmegrader er det kaldt. Nordavinden gjer at ein får frost i seg om ein sit i ro. No har eg gått inn att og funne eitt teppe og tulla rundt meg. Så får eg vone eg får varmen i meg, att. God helg.

fredag 12. april 2024

GJÓGV

 

                                         Majbritt Pauladottir Málningar - Malerier 



GJÓGV

Det reiser seg ei bygd
vass-slipte berg
søkk i turkis fjord
villblomane veks
i sprunga der

Det reiser seg eit berg
forma etter vêr og vatn
ein skigard langsmed
vaktar smalen

Slipast skal vi
gjennom år
spor av hender
ørsmå i mektig landskap

Det reiser seg ei stille
ved båt og strand
båten gyngar
ikkje lenger

Olaug A Haugen


Majbritt er frå Færøyane og ein dyktig bilet-kunstnar. Eg er Dalsing og vonleg litt flink med ord. Godt at ein kan utfylle kvarandre.



lørdag 6. april 2024

Tilfeldig møte

 



Når to store møtest.

Ei taus og roleg dame eg møtte i Florø ein gong. Samtala vart ikkje lang, ingen verdsproblem vart løyste, men eitt bilete gjekk ho med på.

fredag 29. mars 2024

lørdag 23. mars 2024

Oppdatering

 

Time hos spesialisten, denne veka. Han observerte meg medan eg gjorde ulike øvingar, med hendene og med føtene. Noko var repetisjon frå sist gong, andre var nye øvingar. Stivheita eg hadde, sist, var heilt borte. Førre gong starta eg å skjelve med det same eg starta å gå. No gjekk eg lenger og fortare, og skalv ikkje. Skjelvinga hadde i det heile vorte redusert. Tydeleg at tablettane hadde hjelpt, så eg skal halde fram med same tablettar og same dose, til neste kontroll.

Alle tilfelle er unike, ingen kan seie korleis ein vert om ti-femten år. Nokre vert mykje verre, andre vert litt verre. Det einaste sikre er at det vert verre.

Men eg kan då ikkje gå rundt og grue meg til korleis eg vert om femten år. Eg har i grunnen nok med dagen i dag.


tirsdag 19. mars 2024

Tilfeldige møte

 

I går handla eg meir enn eg hadde tenkt. Det er det vanlege, det er alltid noko som ikkje står på lista, men som eg absolutt skulle hatt. Ein boks her, ein pose der, eitt ekstra brød. Vogna var fullare og fullare, etter kvart. Vel ute av butikken sette eg meg på næraste kafè og kjøpte meg ein porsjon suppe. Ikkje fordi eg var så svolten, men fordi eg kjende trong for ein pause. Suppa var god, det same var kaffikoppen. Etter ei stund kom Astrid, ei kunstnarveninne innom. Ho fortalde at no var hauet så fullt av alt ho skulle og måtte og burde og møter og avtaler at ho måtte ha ein pause. No skulle ho sitje her ei stund og sjå dum ut, som ho sa. Eg fortalde at eg dreiv omtrent med det same, eg sat og såg ut i lufta og prøvde å tenkje på ingenting.

Vi hadde ei hyggeleg samtale. Eg fortalde om desse lokalhistoriske damene eg driv og skriv om, og så fekk eg høyre om alle hennar prosjekt.

Ikkje trur eg vi løyste nokon verdsproblem, der vi sat, men vi kom med litt innspel til kvarandre og det er alltid nyttig. Då vi avslutta og ho hasta vidare til neste møte, takka ho for ei deileg samtale, så litt nytte gjorde vi vel der vi sat og «såg dumme ut».


fredag 8. mars 2024

mandag 4. mars 2024

Strikkeprosjekt

Det starta med ein dokter-time. Eg vart sitjande og sjå på gensaren som dokteren hadde på seg. Då eg kommenterte at han var fin, fortalde ho at ho hadde spøta han sjølv. Ho skreiv ut mønsteret frå PC-en og fortalde kvar ho hadde kjøpt garnet. Etter timen dura eg ned på garnbutikken og fekk tak i garnet, som dei skulle slutte med og difor selde ut til halv pris. Eg fann "mine" fargar og sette i gong.

Det tok både hausten og jula, første gong eg spøta ovanfrå og ned. Det tok litt tid å kome inn i mønsteret, men eigentleg er det lettare å få på erma med ein gong og så kan eg lage han så lang eg vil.



lørdag 2. mars 2024

Døgnrytme

 

Torsdag var eg i bursdagsselskap. Trivelege folk og hyggeleg prat og god mat. Vel heime att sette eg meg i sofaen og spelte litt wordfeud. Då eg gjekk for å legge meg var klokka halv to. Eg vart liggande og vri meg til halv fem, då stod eg like godt opp, att. Litt trøytt utpå føremiddagen, men du verda for ein lang dag eg får.

Døgnrytma mi er aldeles spinnvill, for tida. Lurer på korleis det vert når vi skal skru klokka.

søndag 25. februar 2024

Tre-fire årstider same veka

 I år får visst ikkje naturen bestemt seg, om det skal verte vinter eller vår. Eine dagen regnar det, så det meste av snøen og isen forsvinn. Neste dag er det kaldt og snøvêr, att. Nett no snøar det på tredje dagen, det ligg snø på bakken, medan trea er berre. Kvar morgon står eg i døra og ser ut på vèrtilhøva og kjenner litt på temperaturen. Eg lurer på kva sko eg skal bruke i dag. Er det glatt må det verte vintersko med broddar på, er det tøya på vegen kan eg nytte Hoka-skorne. 

Desse broddane er så tronge og vanskelege å få på, at no har eg dei sitjande på vinterskorne heile vinteren, så eg ikkje treng å ta dei av og på, heile tida. Ein annan ting er jo at dersom ein skal innom ein butikk må ein ta av seg broddane. Eg har eitt par innesko som eg har liggjande i sekken. Skal eg inn på eitt av handelshusa tek eg berre av meg skorne og tek på meg inneskoa. Når eg har handla ferdig, byter eg om att. Av med inneskoa og på med vinterskoa.

Det er mange val som skal takast, i løpet av ein dag. Eg har to sekkar som eg byter litt på. Dersom eg i farten tek den som skorne ikkje ligg i, må handleturen setjast ut til neste dag. Eller så tek eg sjansen.

 

fredag 23. februar 2024

Au-au kne

 Trefte ei veninne, i går, på kafé, vi vart sitjande ei stund og prate over kaffien. Då ho spurde korleis det gjekk måtte eg sjølvsagt klage over kneet som har plaga meg sidan nyåret. Så orsaka eg meg og sa at folk var vel leie av å høyre på sutringa mi. Det gjekk greitt, sa ho, stundom måtte ein få lov til å klage seg litt. Det er sant, det gjer godt, ein gong eller to. Men ikkje alltid og ikkje heile tida.

Eg tenkjer på dei som har amputert, anten det no er ein fot eller eitt anna 
lem. Eg har då to føter og to kne og eigentleg ikkje noko å klage over. 
Dessutan, dersom eg er flittig og gjer øvingane mine, vil nok undersåttane  
verte betre, etter kvart.

fredag 16. februar 2024

Morgonstund(er)

 I går fekk eg vitjing av eldste bror mn. Vi vart sitjande og prate om far vår, kva vi hugsa var litt ulikt. Somt hugsa eg og somt hugsa han. Då eg fortalde om eitt minne eg hadde frå eg var to år, meinte han at det gjekk ikkje an, men det gjer det. Eg påstår ikkje at eg hugsar mykje frå så tidleg, men eitt glimt eller to har eg, frå toårsalderen.

Det vart så mykje mimring at i natt fekk eg ikkje sove. Eg låg og tenkte på barndomen, på bestefar og på mor og far. Eg kom på fleire episodar di lenger eg låg og vrei meg og di meir klokka vart. Eg la meg halv eitt og stod opp att fem. Eg laga meg frukost og vel ferdig med han, sette eg meg til å spøte.  Etter ei stund sovna eg på sofaen og vakna av at telefonen ringde. Då var det berre å stå opp for andre gong i dag og starte dagen enno ein gong. Godt ein får fleire sjansar i livet.

lørdag 27. januar 2024

Inne-vêr

 Plask, plask, seier det ute. Det er grått, det er vått, husa ser ut som dei frys litevetta. Tidlegare i dag var det sludd, no er det regn.  Det freistar ikkje å gå tur. Sofaen ser meir innbydande ut. Der ligg spøtet og eit par vekeblad. Trur eg held meg inne i dag, eg.

fredag 19. januar 2024

lørdag 13. januar 2024

Ommøbleringòg

 Når det er fullt oppe i hauet er det faktisk bra hjelp i å ommøblere stova. Eg brukar god tid, ting må liksom "gå seg til". Eg flyttar ein stol, eitt bord, hit og dit og må ha det slik ei stund, for å sjå korleis eg likar det. No fekk eg i grunnen ei stove som verkar større, to rom i eitt. Stundom må ein ommøblere heile rommet, andre gonger er det nok med nokre nye trekk til putene og nye gardin. Under prosessen finn eg gjerne eitt par UFO-ar (UFerdigeObjekt) som eg har gløymt. 

Det vert liksom litt ryddigare oppe i hauet,  òg, under arbeidet. Litt inspirasjon er ikkje av vegen.

fredag 5. januar 2024

Skoltesundag

 

1.  Eg måtte verte sjuogseksti før eg åt mitt første auge på ein skolte. Eg har alltid sagt at eg likar ikkje mat som ligg og ser på meg. Vi brukar å ha skolter siste sundagen før jul. Då er det «skitnesundag». I år var adventstida kortare enn vanleg, då sjølve julafta var fjerde sundag i advent. Då var det greitt å bruke sundagen før, som skitnesundag/skoltesundag. Eine nevøen min fortalde at han hadde ete sitt første auge, sist dei hadde retten. Eg fann ut at eg kunne då ikkje verre dårlegare. Eg studerte korleis kokken gjorde det når han tok vekk sjølve den svarte pupillen. Eg prøvde å gjere det på same måte og fekk det til so nokolunde. 

Då vi vaks opp var yngste bror min snar til å setje seg ved sida av meg, ved middagsbordet, denne dagen. Då visste han at han gjerne fekk auget, som han tykte var det beste på heile hauet. No er det ikkje hjelp i å gjere det, lenger. Eg et det sjølv, men det beste på heile hauet, nei, det er det ikkje.

d