I går handla eg
meir enn eg hadde tenkt. Det er det vanlege, det er alltid noko som ikkje står
på lista, men som eg absolutt skulle hatt. Ein boks her, ein pose der, eitt
ekstra brød. Vogna var fullare og fullare, etter kvart. Vel ute av butikken
sette eg meg på næraste kafè og kjøpte meg ein porsjon suppe. Ikkje fordi eg
var så svolten, men fordi eg kjende trong for ein pause. Suppa var god, det
same var kaffikoppen. Etter ei stund kom Astrid, ei kunstnarveninne innom. Ho fortalde
at no var hauet så fullt av alt ho skulle og måtte og burde og møter og avtaler
at ho måtte ha ein pause. No skulle ho sitje her ei stund og sjå dum ut, som ho
sa. Eg fortalde at eg dreiv omtrent med det same, eg sat og såg ut i lufta og
prøvde å tenkje på ingenting.
Vi hadde ei
hyggeleg samtale. Eg fortalde om desse lokalhistoriske damene eg driv og skriv
om, og så fekk eg høyre om alle hennar prosjekt.
Ikkje trur eg
vi løyste nokon verdsproblem, der vi sat, men vi kom med litt innspel til
kvarandre og det er alltid nyttig. Då vi avslutta og ho hasta vidare til neste
møte, takka ho for ei deileg samtale, så litt nytte gjorde vi vel der vi sat og
«såg dumme ut».
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar