Torsdag hadde eg tenkt å støvsuge stova, vaske badegolvet og golvet på
soverommet. Då eg vakna skein sola så varmt inn stoveglaset mitt at eg berre
måtte setje meg ut på tunet med morgonkaffien. Eg tok med spøtet og vart
sitjande minst ein time. Ein liten tur på sykkelen vart det, òg. Det er ein
slik sykkel som står i ro, same kor mykje eg syklar, han er grei slik. Eg hadde
ikkje det minste lyst til å starte med husarbeid så eg sa til meg sjølv at eg
skulle gjere det når sola hadde kome over hustaket og skein på hi sida av
huset. Då ville klokka vere bortimot tolv. For inn gjennom stoveglaset mitt er
det morgonsola som rår. Klokka vart både elleve og tolv, og eg tenkte at dagen
er lang enno. Husarbeidet kan vente til i ettermiddag.
Det vart gjort, golva vart vaska, stova vart støvsuga, men eg trur eg
brukar meir tid til å kvi meg enn til faktisk å gjere det. Eg har i alle fall
funne ut at husarbeidet er kjekkast når det er gjort. Dessutan er det viktig å
nyte sola og sommaren når vi no først har han her. Golva og sofaen står det
framleis når regnet kjem. For det kjem.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar