Draumen om å skape
Stundom vert
ein litt trøytt av å puste inn same lufta, heile tida. Då er det kjekt å ha ei
veninne med bil, ei som inviterer meg med på tur. Vi har teke ein del dagsturar
i nærområdet. Vi har vore i Dale, Florø, Sandane, Sogndal. Denne veka fann vi
ut at vi skulle vitje favoritt-butikken min, Fantasi på Sandane, pluss eit par ting til. Etter å ha
hatt nær «scrappeturke» i over eitt år, er det reine sælebota å kome inn i
fantasiverda til Inger Karin. Her er stoff, garn, her er stensilar, 3d-bilete,
scrappeark med bikerbabes og gamle gubbar. Her er noko for dei som vil sy
gardiner, strikke ein gensar, scrappe eitt kort eller to.
Eg hadde som
sagt scrappeturke og skulle ikkje kjøpe noko særleg, berre kike litt. Men i det
same eg kjem inn døra legg eg visst vitet att utanfor. Eg kjøper kort som skal
broderast, eg kjøper kortpakke med utstansa kort som berre skal setjast saman.
Eg kjøper utklyppsark med bikerbabes og med gamle gubbar, eg kjøper artige
stempel.
Som eg gler meg
til å starte på alt saman. Scrappeturke, du liksom.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar