Åtte glas med
nylaga plommesylte stod på kjøkkenbenken. Så måtte eg rydde og vaske opp
kjørela og få alt på plass att i skuffer og skåp. Eg måtte få levert panna og
ausa som eg hadde lånt hos øvrigheita. Då eg skulle ned att fann eg ut at eg
skulle ta ei økt på sykkelen. Han var brått skubba meir inn mot veggen og
utebordet, det var vel potteplanta som skulle ha plass og få kome under tak.
Først prøvde eg å flytte eitt bord som stod der. Det var då det skar seg. Eg trudde bordet var i eitt stykke. Det viste seg at steinplata var laus. Og tung. Der stod eg med ei tung steinplate i hendene. Understellet stod att, men så var det å få det på att, då. Eg fekk lirka telefonen opp av lommen og ringde dei eg nett hadde vore hos og levert panne og ause. Då ho tok telefonen sa eg at no måtte ho «sjå i nåde til meg, arme, syndige menneske». Eg bad henne kome ut i trappa, så la eg på. Bordet var tungt, som sagt, og eg hadde ikkje lyst til å stå og halde på det lenger enn naudsynt. Men eg høyrde ho tenkte høgt, før eg fekk lagt på: «no har ho ramla ned trappa». Men det hadde eg ikkje, ikkje ein einaste finger var broten eller forstuva. Ho såg kjapt kva som var på ferde, då ho kom. I fellesskap fekk vi flytta steinplata dit ho skulle og lirka alt på plass. Så kom eg meg opp på sykkelen og fekk såleis trena både armar og føter, den økta.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar