Trefte ei veninne, i går, på kafé, vi vart sitjande ei stund og prate over kaffien. Då ho spurde korleis det gjekk måtte eg sjølvsagt klage over kneet som har plaga meg sidan nyåret. Så orsaka eg meg og sa at folk var vel leie av å høyre på sutringa mi. Det gjekk greitt, sa ho, stundom måtte ein få lov til å klage seg litt. Det er sant, det gjer godt, ein gong eller to. Men ikkje alltid og ikkje heile tida.
Eg tenkjer på dei som har amputert, anten det no er ein fot eller eitt anna lem. Eg har då to føter og to kne og eigentleg ikkje noko å klage over. Dessutan, dersom eg er flittig og gjer øvingane mine, vil nok undersåttane verte betre, etter kvart.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar