Mykje rart ein syslar med, når det næmar seg jul. Nett no driv eg og les om gamle utedoar. Kvifor brukte ein aviser og vekeblad som dopapir og kvifor hengde ein bilete, av kongen, opp på doveggen? Her kom eg borti mykje interessant lesestoff. Det viste seg at under krigen fekk tyskarane vite at nordmenn var nokre ureinslege folk. Difor heldt nazistane seg unna utedoane, grunna smittefaren. Dermed vart utedoen ein fristad, for ei lita stund. Fann ein bilete av kongen, i bladet eller avisa, reiv ein det ut og hengde det på veggen. Det gjekk då ikkje an å turke seg bak, med eitt slikt bilete. Å henge det opp i stova kunne vere risikabelt, men på doveggen gjekk det betre.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar