No vert det mykje matprat her. Men eg har omsider vorte glad i å kokkelere litevetta.Mamma vil vore stolt. Eg har lenge hatt oppskrifta hengande på døra til kjøleskåpet. Eigentleg skal eg ikkje ete så mykje av slikt bakverk, men det er "greitt å ha i frysen". Eg halverte mengda med melis og reduserte på sjokoladen. Likevel vart dei fullt søte nok, etter min smak. Rosene skulle duppast i smelta sjokolade og frysast raskt.
Eg gløymde i farten å ta bilete av dei, så det får eg få gjort, når dei vel er frosne. Då skal eg ta dei opp og pakke dei betre før eg frys dei, att. Det verste med å lage mat er at eg har snart ikkje plass i frysen. Det stod at det skulle verte ca 18 roser, eg fekk 31. Må ha laga dei mindre enn det som er vanleg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar