Hadde eigentleg tenkt å gå i dusjen, då eg stod opp, i dag. Men dusjen min var oppteken. Der hang antrekket frå gårsdagen. Eg var ute og gjekk, kom att med full sekk og to fulle bereposar. Våt til skinnet. Trusa var visst det einaste på kroppen som var turt.
Så då eg kom i
hus tok eg av meg skorne og sette dei i turkaren. Så droppa eg sekk og posar i
gangen og gjekk på badet der eg vrengde av meg og hengde opp det meste av
antrekket. Litt her og litt der, sokkane hamna i ei rue attmed vaskemaskina.
Greitt å ha eit velfylt garderobeskåp, så vart det eitt nytt klesskift, til
kvelden.
Deretter er det
å pakke ut og setje varene på plass. Det som nesten tek mest tid er all
emballasjen som berre skal sorterast og hivast. Undervegs er eg oppom
bossdunkane eitt par vender. Først med matavfall, deretter med papiravfall.
Innimellom vaskar eg opp eitt og anna som står på kjøkkenbenken. Nokre sitronar
eg kjøpte førre veke, vert skvisa.
Til neste
handletur tingar eg godt vèr. I alle høve opplett.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar