fredag 25. oktober 2024

På handletur

 Det handlar ikkje alltid om å gå ei ekstra mil. Det hender det held med eit par steg. I går var eg innom Bokuben i Førde. Eg skulle kjøpe ein Big Shot. Det er eitt verkty som er svært hendig i scrappe-arbeidet. Tidlegare har eg brukt å låne, når vi har vore på treff. No når julesesongen er i kjømda, fann eg ut at det måtte vere greitt å ha ein, sjølv. Julekort-skapinga vert straks lettare når ein har ein sjølv ståande på bordet.

Eg spurde Rolf, på butikken, kvar dei hadde Big Shot-ane ståande. Eg ville gjerne kjenne på øskja, kor tung ho var, då eg skulle gå ein del av heimvegen. Jau, Rolf følgde meg bort til rette hylla og tok ut ei øskje. Øskja var tung og ikkje minst stor. Denne går ikkje opp i sekken. Nei, han var samd i det, øskja var for stor. Han føreslo at vi kunne pakke opp reiskapen og ta vekk all pappen rundt. Ja, gidd du det, spurde eg. Klart han gjorde det, fekk eg beskjed om. Han opna øskja, fjerna tapen og all pappen og heile øskja. Då fekk Big Shot-en fint plass i sekken min.

Eg var innom Telenor-butikken. Eg ville få justert datamengda som var lagt inn på telefonen og så spurde eg Bård om han kunne hjelpe meg med å installere vipps og lære meg å bruke han. Ja då, det kunne han vise meg. Då vi kom så langt sa eg til han at dette måtte han ta sakte og forsiktig, for det var ikkje sikkert eg skjønte det med ein gong. Ja, han tok det sakte, og peikte og forklarte kva eg skulle gjere. Eg takka han for at han var så tolmodig, og sa at han hadde vel hatt kjappare kundar. Åh, han hadde då hatt treigare kundar, òg, let han om.

Kjekt med butikk-tilsette som gjerne går nokre steg ekstra for at kunden skal verte nøgd. Får eg god service på ein butikk kjem eg gjerne att. Diverre har eg opplevd det motsette, òg. Men dei hoppar eg lett bukk over.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar