fredag 4. oktober 2024

Kjøkkenskrivaren

 

Min stoltaste augneblink som kjøkkenskrivar

Då mor vart sjuk bytte vi ungane på å reise heim, ringe henne og elles det som trengdest. Han som budde i bygda tok det meste av det daglege, dei var ute og laga middag og åt, i lag med henne, ein gong i veka. Dei stakk gjerne innom henne og såg til at det gjekk bra med henne. Han som budde lengst vekke, på austlandet, hadde eitt fast tidspunkt som han ringde på. Då passa ho alltid på at telefonen var fullt opplada. Det måtte ikkje bryte, i dag. Vi to som heldt til i næraste tettstaden, bytte på å reise til henne, vi hadde kvar vår helg. Det gjekk seg til, etter kvart som vi vart vane med det, sjølv om vi aldri skreiv ned nokon plan.

Ein sundag hadde bror min og kona vore hos henne. Svigerdottera hadde laga til sommarkotelettar og dei var visst gode. Ho er kjent for å lage god mat. Mor tykte det var lettare å få i seg mat når ho sat i lag med nokon, ho hadde aldri vore van med å ete åleine.

Helga etter var eg heime. Då hadde mor sommarkotelettar i frysaren. Desse hadde ho lyst på, sundagen. Ja, vi tok opp kotelettane, etter frukosten, og la dei til tining.

Då vi skulle lage middag, sat ho ved kjøkkenbordet og såg på at eg laga til kotelettane. Eg gjorde så godt eg kunne og ho kom med eitt par gode råd, undervegs.

Då vi sat og åt, litt seinare, sa mor: Dette var godt, dei var like gode som Liv sine. Då var eg stolt, då.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar