Ein vanleg
handletur, dvs ein tur innom ein matbutikk, tek meir og meir form av ein
vitskap. No har eg fått dilla på kavring og surmjølk til kvelds. Det skulle
vere overkommeleg å handle inn to ingrediensar. Her ein dag var eg på butikken
og skulle kjøpe med meg ein kartong med surmjølk. Først måtte eg bla meg
gjennom diverse Q-mjølk med smak og Biola med diverse smakar. Eg spurde ei som
stod og fylte opp i hyllene, om dei hadde surmjølk, eller kefir, men ho skjønte
ikkje kva eg meinte. Eg tok med ein Biola-kartong bort i kassen. Der sat
Magnhild og eg spurde om dei ikkje hadde vanleg kefir, lenger. Jau, då, heilt
nede og til høgre. Der fann eg då endeleg kefir, heilt utan nokon tilsett smak.
Så var det kavringar. Eg trefte på same dama som i stad og spurde kvar
kavringane var. Ho spurde om det var havregryn eg meinte. Då gav eg opp og
gjekk rundt alle reolane eit par gonger, heilt til eg fann kavringane.
Eigentleg burde eg vel kjøpt ein to-tre posar, når eg først fann dei. Det
hender nemleg at dei flyttar på seg, og no er eg lens.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar