Her ein dag gjekk eg
forbi ei dame som var så flott i antrekket at eg hadde lyst å gje henne ein
kompliment. Men så tenkte eg at eg kjenner ikkje dama og kanskje ho ikkje ville
like å verte tilsnakka av framande folk. Men så smilte ho så fint då ho såg meg
at eg berre måtte stoppe og seie kva eg tykte: "Du er så fargerik og flott", sa
eg. Ho smilte pent og takka: "Eg er på veg til ei veninne", sa ho. Ho hadde ein
varm blåfarge både på overdelen og på buksene, og så hadde ho ein litt sid,
oransje frakk utanpå. På toppen hadde ho ein manke med heilt
kvitt hår. Nydeleg var ho.
Kanskje vart dagen litt finare fordi nokon såg henne. Det er lov å håpe. Smilet hennar varma i alle høve meg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar