Mai kjem, med fire ekstra helgedagar. 1.mai, Himmelspretten,
nasjonaldagen og 2.pinsedag. Eg har vore ute og handla inn til litt
hobbyaktivitet. Først var eg på Rikken og kjøpte diverse råmer og passepartout
til bilete og teikningar eg har liggjande. Så var eg innom Kid og kjøpte ei
pute. Det er lenge sidan eg kjøpte putetrekk frå Iren (Kleiven), utflytta
Dalsing og kunstnar som nyttar Jakob Sande-sitat i kunsten sin. Eg har på ein
måte ikkje hatt råd til å bruke dei. Er redd for å slite dei ut. Men no skal
dei få kome ut og fram i lyset.
Eg seier, med ei lita omskriving, som Halvor Bakke:
Noreg er ikkje skapt for å sitje på ræva. Nei, men du verda kor mange
fine handarbeid det kan verte ut av det.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar