torsdag 5. desember 2024

Mellom nedvask og julekort

 

Her ein dag fann eg ut at eg skulle multitaske. Først fann eg fram ein del verkty og papir og papp og anna som eg skulle bruke i julekort-scrappinga. Så ringde Oddbjørg og minte om at det var levering av plast og papir. Eg fann det eg hadde lagt til levering og var stad og fekk hivd det i dertil høyrande dunkar. I same snuen fekk eg setje ei iskake i frysaren deira, for eg hadde tenkt å avrime min eigen. I det siste hadde eg ete ut av han. Jammen fann eg ein boks med heimelaga kjøtkaker under iskaka. Så eg hadde då til middag, om dagen.

Innimellom julekorta og spøtet  og vaskebøtta og avriminga stod eg og beundra mitt siste verk, eitt lyseblått julekort. Det var fint, heilt til eg oppdaga at engelen var limt på, opp-ned. Om eg var sur, neidå, eg var så forarga at eg heldt på å seie nokre ord eg ikkje brukar å ta i min munn. Eg var i alle høve glad for at ingen var i nærleiken nett då.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar