mandag 30. desember 2019

Nytt år

Nyårsynskje

har eg eigentleg slutta med. Eg ynskjer meg eit år der eg kan vere kreativ og kanskje få fullført nokre av prosjekta eg tumlar med. Både når det gjeld skriving og førestilling, scrapping og handarbeid av ymse slag. Eg har samla utslitne dongeribukser som eg skal klyppe opp og lage filleryer av. Trur eg.

Til alle som skal slutte å røyke, slanke seg, reise meir, lære seg å spele piano, snakke kinesisk, skrive ein roman, måle eit hus:

Godt og gjevande 2020

mandag 23. desember 2019

God jul

God jul


Slapp av, det er stress nok til alle. Spike Jones har ein av dei artigaste julesongane eg veit.

mandag 16. desember 2019

Julekonsert

Julekonsert og eldsjeler


Kyrkja. Sundagskveld. Mørkt ute, lunt inne. Førde har eit rikt musikkliv. Fleire kor, eitt korps, allsong. Men to personar må vere alfa og omega når det gjeld å halde kora i gong. Gro Anthun og Kjetil Andreas Nydal er dirigent for (trur det vart) tre kor kvar. Utan desse eldsjelene ville det vore skrint med korsongen. 

Julestemninga set seg når eg høyrer gamle og nye julesongar vakkert framført. Fin avslutning av tredje sundag i advent.

lørdag 7. desember 2019

Matauk


Det var ei som lurte på om eg hadde laga vannbakkels, men det vart berre heilt vanlege bollar. 

søndag 1. desember 2019

Scrappelaurdag

Kjekt å forsvinne inn i scrappebobla ein heil dag. Berre tenkje på det ein skal lage, vurdere, prøve seg fram, spørje sidemannen kva ho (ja, det er alltid ei ho, lite med scrappande menn) trur. Sjå på kva dei andre gjer, korleis dei får ryggen slik, brukar dei dobbelsidig tape eller limpistol, kvar får ein kjøpt nett det papiret?


Først ser det slik ut, med alt ein kanskje skal bruke. Det liknar ikkje nett noko ferdig produkt. Her sit Trude Elisabeth og fargelegg kort ho held på med.


Etter kvart ser det slik ut. Dette vart ein postkasse til innebruk. Sjølve kassen kjøpte eg på Bokuben i Førde. Etter at eg hadde dekorert han vart eg så nøgd at eg trur eg må ha han sjølv. Eg laga også ei bok som adventskalendar, men det skal verte gåve, så eg kan ikkje publisere henne enno.

fredag 22. november 2019

Babettes gjestebod


Babettes gjestebod.

Ålhus kyrkje og prestegard.
(Jølster bibliotek, Rom for ord, Svidal Skriveri, Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Monologen i kyrkja.

Ragnhild Gudbrandsen spelte glitrande, ho bevega seg rundt i rommet, ho endra dialekt etter personane, ho song, ho fortalde. Åleine på scena i ein god time, eit par stolar som rekvisittar.

Gjestebod i prestegarden.


Maten var eit eventyr av lokale råvarer. Det var aure og hjort, det var tilslørte bondepiker, lefser, gele. det var stikkelsbærsaft og rabarbrasaft og eplemost.


Det var så mykje meir. Det var prat rundt borda, det var allsong, det var diktlesing, det var minner og forteljingar om farne tider.

Eit gjestebod verdig ei Babette.

torsdag 14. november 2019

Førdefjorden

Tussmørke november. Fleire hundre møtte fram for å markere kva vi meiner. Somme saker er verdt å kjempe for.


fredag 8. november 2019

Kjøkkenskrivar

Rart med det, når eg først tek til å pusle på kjøkkenet, vert eg gjerne inspirert til å gjere meir. Her ei helg fekk eg så grueleg lyst på vaflar. Har ikkje brukt vaffeljarnet på årevis. No tok eg det fram og reingjorde det skikkeleg før eg laga til røra. Første to platene måtte skrapast av, men etter at eg smurde jarnet for kvar gong gjekk det bra. Gode vart dei, òg.

lørdag 2. november 2019

Om å gjere ein innsats



Denne veka har eg vore på kurs i to dagar. Barnelitterære fagdagar. Mange interessante føredrag og presentasjon av årets bøker når det gjeld barn og unge. Biletbøker, barnebøker, ungdomsbøker, faktabøker. Arrangert av Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, for femte året på rad.

Sjølv om det er svært interessant å få fagleg påfyll og sjølv om det er særdeles hyggeleg å treffe kollegaer, så kjenner eg at det er ein grunn til at eg er uføretrygda. Etter to slike dagar er senga og godstolen dei kjæraste stadane dei neste to dagane. Heilt utsliten av å ta i mot så mykje inntrykk, å vere smilande og interessert i samtaler, å vere positiv i møte med gamle og nye kollegaer.

Sjølv om eg gjerne vil gjere ein innsats så har eg ikkje krefter til å stå i eit vanleg arbeidsliv. Å ta små oppdrag er kjekt, men å arbeide fem dagar i veka er uoverkomeleg.

Sjølv om det kanskje ikkje viser utanpå.


lørdag 26. oktober 2019

Frukost


Dette må vere det næraste eg kjem heimelaga frukost. Eigne brødskiver, ei med sjølvlaga plommesyltetøy.
Og ute er skodda i ferd med å lette


fredag 25. oktober 2019

Kjøkkenskrivar



Har fått ny karriere, som kjøkkenskrivar. Her ein dag fann eg ut at eg måtte innvie steikeomnen skikkeleg. Har hivt inni ein pizza eller ein fiskegrateng i ny og ne. Men no skulle eg ta han i bruk. Lånte brødformer av husvertinna og sette i gang. Første gongen køyrde eg litt varsamt. Eg brukte ein slik ferdigblanda pakke som eg hadde kjøpt på butikken. Så tilsette eg gjær og vatn og knadde deigen så eg kjende det i armmusklane. Deretter hadde eg dei i formene og let dei etterheve til dobbel storleik. Sette dei i omnen og steikte dei. Skar ei skive og hadde på godt smør. Mhmm.


Sidan eg først var i gong og hadde omnen varm laga eg dobbel porsjon med granola/frukostblanding. Så dagen etter hadde eg lunsj med yoghurt og sjølvlaga frukostblanding.


Nesten så eg trur det har gått eit brukande kjerringemne tapt i meg



torsdag 10. oktober 2019

Rebelske jenter



Jenter som lukkast

Cavallo Francesca og Favilli ElenaNattafortellinger for rebelske jenter 1 og 2Cappelen Damm 2018


Historiske kvinner frå fleire hundre år attende og nolevande kvinner. Kvinner som har sett spor etter seg.

To bøker fulle av kvinneportrett, 100 pr bok. Ei side tekst og ei side illustrasjon, gjerne med eit berømt sitat. Sophia Loren skal ha sagt at det er spaghetti som har gjort henne til den ho er. I fylgje Agatha Christie er det beste tidspunktet å planlegge ei bok på medan ein tek oppvasken. Her er pionerar innan ulike felt, ein matematikar, ein pilot, ei skodespelar, ein forfattar side om side med mange andre.
Interessant å lese om kvinner ein ser opp til. Vel så interessant er det å lese om kvinner ein ikkje har visst om, før.

Sjølvsagt er det fleire kvinneportrett i alle høve denne lesaren saknar. Men kanskje kjem det fleire bøker. Det er å vone.

torsdag 3. oktober 2019

Astrup. Flammen over Jølster

AstrupFlammen over Jølster


Seks år tok det å lage filmen. No vert han vist på kinoar rundt i fylket. Premiere 04. oktober. Eg var på førpremiere i Førde sundag 29. september. Så startar arbeidet med å gjere han kjent, selje han inn til fleire land.

Filmen er sjåverdig, han gjev eit innblikk i livet til målaren og vi vert betre kjende med Nikolai og Engel.

Men kvifor snakkar Astrup (i filmen) dansk? Dei som står bak filmen argumenterer med at Thure Lindhardt er ein så god skodespelar at dei måtte ha han, spelet var så godt at då fekk han heller snakke dansk. Skodespelaren var god, men eg spør meg sjølv om det i løpet av seks år ikkje var råd å finne ein norsk skodespelar som var god nok til å spele Astrup. Henriette Marø som spelte Engel var glitrande, nett slik i alle høve eg har tenkt meg henne.

Ein ting eg er lei av, er dette med at kristne alltid skal framstillast som mørkemenn, det vere seg i litteratur, film, musikk. No hadde Nikolai eit anstrengt tilhøve til far sin. Men sokneprest Astrup var jo også eit menneske, ikkje berre prest. I filmen vert han framstilt som ein dyster mørkemann. Han prøver å kvele skapartrongen i sonen ved å sende han til Trondheim på latinskule. Han nektar han skulepengar til Kristiania, til Harriet Backer sin målarskule. Han går frå løftet sitt om at Nikolai skal få kjøpe våningshuset på prestegarden. Preikene hans er uendelege og ingen får forlate kyrkja før han er ferdig.
Som ei motvekt står mor til Astrup, ho skaffar skulepengane han treng for å reise til Kristiania for å gå på målarskule. Men elles er ho lite nemnd i filmen.

fredag 27. september 2019

Truluv



Bokmelding

Elizabeth Berg

Historien om Arthur Truluv

Cappelen Damm 2019

Arthur steller hus og hage og katt. Deretter tek han bussen til kyrkjegarden og et lunsj i lag med kona si. På veg til grava hennar vandrar han forbi mange gravsteinar og les inskripsjonane. Dei snakkar til han og han ser føre seg korleis dei var og kva slags liv dei hadde, dei som ligg der.
Ved grava til Nola set han seg på klappstolen han har med, et lunsjen sin og pratar til henne. Han fortel om dagane, om rosene og at han saknar henne, men han greier seg. Livet går vidare, katten Gordon held han med selskap og naboen Lucille forar han med utsøkt bakverk.
Kyrkjegarden er også ein trygg tilhaldsstad for Maddy som brukar friminutta der for å kome unna dei andre ungdomane. Heime er faren taus, han vil ikkje snakke om mora som døydde i ei trafikkulukke då Maddy var to veker gammal. Han er glad i jentungen, men har vanskeleg for å vise det. Ho forelskar seg i ein kar som ei svigermor ikkje ville ynskt seg.
Ein dag kjem Maddy og Arthur i snakk og eit venskap oppstår mellom to einsame sjeler.
I nabohuset bakar Lucille kaker som ingen kan motstå, men ho har også fått utdelt sin rikelege porsjon av forvitenskap. Ho møter att barndomskjærasten, dei forlovar seg og Lucille drøymer om eit liv i lag med han. Så døyr han, etter ein månad og livet går i svart.
Ei bok om å finne nye vegar og nye sjansar. Venskap på tvers av alder, om å hjelpe kvarandre vidare. Maddy gjev Arthur eit nytt etternamn, Truluv – ekte kjærleik.

Ekte kjærleik og ekte venskap.

mandag 23. september 2019

Handarbeidskafé og boksnakk



Strikkeglad naustedøling har nett gjeve ut boka Moderne tradisjonsstrikk. Sjølvlaga mønster og frisk fargebruk. Då klassekameratane tok mopedlappen som valfag på ungdomsskulen, tok han handarbeid.
Sundag var han i Movika og fortalde om interessa for handarbeid og vegen fram mot bok.
Forlaget ville at han skulle skrive på bokmål. Då viste han til kontrakten der det stod at målforma skulle vere norsk. Han skreiv heile manuset på nynorsk og forlaget måtte gje han rett. Ei faktabok på nynorsk vart det og eg gler meg til å lese og ikkje minst til å prøve ut nokre av mønstera, særleg slipset.




fredag 13. september 2019

Benign paroxysmal posisjonell vertigo

BPPV

(krystallsykja)


Som dokteren sa, det er ikkje farleg og det går over. Men ubehageleg er det, særleg når eg skal ned i og ut av senga. Eg kan ikkje sprette ut av horisontalen på same måte som før. No må eg reise meg roleg opp og sitje nokre sekund på sengekanten og kjenne etter om verda held seg i ro eller snurrar.

Men ufarleg, som sagt. Eg gjer øvingane eg har fått beskjed om og det vert litt lettare for kvar gong. Så det går nok over.

Men no vil eg ikkje ha noko meir.

fredag 6. september 2019

Dei unge døde


Shepard/Hawkins

Flystyrten i 1963 kravde fire liv. Piloten Randy Hughes, Patsy Cline, Cowboy Copas og Hawkshaw Hawkins. Ei tid etterpå verka det som det berre var Patsy Cline som var omkomen. Det var henne folk snakka om, det var henne det vart laga film om. Kanskje det var fordi ho var «den unge døde», ho var tretti år. Copas var 49 år og Hawkins 41. På det tidspunktet var Cowboy Copas og Hawkshaw Hawkins meir kjende enn henne. Piloten Hughes var manageren til Cline og han var dessutan svigerson til Copas.

Jean Shepard var åtte månader på veg med hennar og Hawkshaw Hawkins andre barn. Ho låg og sov då ei veninne ringde og lurte på kva ho dreiv med og om ho hadde høyrt om flystyrten.

To av Hawkins sine beste vener var Marty Robbins og Don Gibson. Eldste sonen var døypt Donald Robin etter desse to. Då Hawkins døydde skreiv Marty Robbins songen «Two little boys» til Jean Shepard. Ho nekta først å syngje han, men etter kvart spelte ho inn songen. Då Robbins skreiv songen, krediterte han ungane til Hawkins/Shepard som låtskrivarar. Dei fekk alle rettane til songen.

Jean Shepard døydde i 2016.

fredag 30. august 2019

Det tryggaste i verda



Mamma i litteraturen
I litteraturen er det tydeleg at berre mamma er der er ingen ting farleg. I bøkene om Mummitrollet er det ei historie der Mummitrollet og venene hans dreg til eit observatorium for å høyre om ein komet som skal kome. Etter mykje strev kjem dei fram og får vite at kometen skal kome sundag. Dei startar med ein gong på heimvegen. Dei er nøydde til å kome seg til Mummidalen før sundag, då skal Mummimamma bake kake og der er dei trygge. Dei trassar strabasar og på vegen møter dei mange som flyktar frå dalen dei er på veg til. Men dei rekk fram og verda går ikkje under likevel.
Eg hugsar ein elev som skreiv ei skummel historie. Han la ut om skumle skuggar og mystiske lydar i kjellaren ein gong han var åleine heime. Det var knirk og det var dører som opna seg, det var skuggar som rørde seg. Eg las og lurte på korleis han skulle kome seg ut av dette. Siste linja lydde:
«Men så kom mamma og pappa.»
Dermed var alt i orden og ingen ting lenger farleg.

tirsdag 27. august 2019

Julegåver

Jula som barn


Då han var yngre var onkel Kåre flink til å finne på julegåver. Seinare gjekk han over til å gje pengar. Etter at mor vart åleine med oss ungane og sidan han sjølv var einsleg vart det til at han vitja oss kvar sommar og kvar jul. Eg minnest at han kom med bussen og når vi såg han kom opp bakken mot huset sprang vi ned for å møte han og gå i lag med han siste stykket. Han brukte å ha noko i frakkelommen til oss, gjerne ein pose twist som vi skulle dele. Kanskje det er difor eg alltid har likt twist så godt.
Ein sommar hugsa eg han spurde om eg skulle vere med ned til Dale. Ja, eg kunne godt gå ein tur med han, kan hende fekk eg ein is, òg, tenkte eg. Det eg ikkje visste var at ærendet han hadde var å kjøpe sykkel til meg. Eg var så gammal at eg fekk ein vaksen-sykkel og min oransje doning tente meg vel til eg var over femti. Det var robuste saker dei produserte, den gongen.
Ei jul fekk eg ein liten leikekomfyr, med panner og brødformer. Den gåva hadde eg mykje moro med, steikte brød og laga «middag». Men den gåva eg hugsar best er den gongen eg fekk såper og vaskevassfat. Det var eigentleg marsipan forma som såper. At ein slikkmunn som meg ikkje åt dei opp med ein gong, men leikte med dei, fortel litt om kor stor pris eg sette på dei.

søndag 25. august 2019

Dronning Anne Grete

"Av og til er en millimeter nok"

Den flottaste, sterkaste, finaste, råaste, tøffaste dama i norsk rock er borte. Dette må vere som å gå inn på ein bar for å kjøpe whisky og så få beskjed om at:
nei heretter er det berre sitronbrus å få tak i.
Kvil i fred Anne Grete. I dag er ikkje ein gong ein millimeter nok.

fredag 9. august 2019

Bokmelding


Fiona Mitchell
Hushjelpens rom
Gyldendal 2018 


Søstrene Dolly og Tala er frå Filippinane . I Singapore slit dei frå morgon til kveld for rike familiar frå Vesten. Alle pengane dei kan avsjå sender dei heim til familien i heimlandet. Dolly saknar dottera Mallie, men tenkjer at pengane ho kan sende heim vil sikre Mallie eit betre liv enn det ho sjølv har hatt. Tala er lei av blodslitet og er opprørt over det andre filippinske tenestejenter kan fortelje. På nettet tek ein anonym bloggar til å gje råd om korleis ein skal ha kustus på hushjelpene. Tala trassar frykta for å verte deportert og ho går til motangrep.

Også Jules er langt heimafrå. Ho forlet jobben som jordmor i England for å fylgje mannen til Singapore. Der prøver ho å få ein ny omgangskrets. Ho har vanskar med å finne sin plass blant dei priviligerte vestlege kvinnene i byen. Møtet med Dolly og Tala vert ein augeopnar.

Når ei mor ryggar på sin eigen unge fordi ho ikkje såg han og ho dessutan hadde drukke eit par glas vin før ho sette seg i bilen, kva gjer ein då? Jau, då skuldar ein på hushjelpa som ikkje passa godt nok på ungen. At hushjelpa var oppteken med å roe ned broren som hadde eit raserianfall spelar inga rolle. Hushjelpa vert hengt ut på bloggen til den anonyme «Vanda», med bilete og fullt namn. Neste steget for henne er deportasjon.

Vår tids tenestejenter, sterkt søsterskap og venskap som kan oppstå på tvers av klasseskilje.

lørdag 3. august 2019

Dokka mi

Nostalgi



Det er ein heil vitskap å rydde. Plast, papir, rest, glas, klede, elektronikk. Selje, gje vekk, kassere. Sjå gjennom og gå over alt ein har. Nostalgi og minner.
Eg leikte eigentleg ikkje særleg med dokker, då eg var lita. Men ei dokke hadde eg som eg var glad i. Det var dokka eg fekk frå onkel Kåre då eg var to år gammal. Då onkelen min døydde vart det funne eit brev han hadde spart på. Det var skrive av søster hans, mor mi. Der takka ho for gåva: «ho var heilt vill på golvet». Eg hadde visst dansa rundt med dokka i armane. Onkelen min var forresten flink til å finne på gåver då han var yngre, seinare vart det helst pengar han gav.
Eg fekk ikkje leike så mykje med dokka, mor mi var vel redd eg skulle øydeleggje henne. Dokka vart sett opp på beten og der stod ho, eg hugsar ikkje kor lenge. Men då eg omsider fekk lov til å leike med henne, var i grunnen glansen borte.
Men dokka frå onkel Kåre har eg teke varepå og om eg ikkje nett har leika så mykje med henne, har eg visst kvar ho var. Ho låg i ein kasse på soverommet og eg har tenkt at kanskje ville nokon verte glad for å overta henne, ein gong. Men no finst det så mange typer dokker på marknaden. Babyborn, tøyelege, nokre som skrik og seier «mamma».
Så no har sambuaren enda i ein søppelsekk som vart hivd i ein container.
Men ho fekk ein god og lang klem før eg følgde henne ut døra.


torsdag 18. juli 2019

Kvinneskjebner



Sarah McCoy
Bakerens datter
Gyldendal 2012

Interessant å sjå krigen frå ein tyskar si side. Korleis reagerte dei på skremselspropagandaen til Hitler? Korleis verka det på dei når dei såg at dei tyske soldatane var like brutale som det dei fekk fortalt at dei allierte var? Elsie arbeider i bakeriet til far sin. Det vert vanskelegare, etter kvart som krigen held fram, å skaffe det dei treng til bakinga. Dessutan forsvinn fleire av kundane, dei har ikkje råd til å handle ferske bakarvarer. Det vert meir og meir bytehandel, folk byter det dei har, så lenge dei kan.
Vi følgjer Elsie sitt liv under krigen og etterpå. Møtet med Tobias vert avgjerande. Tobias som er ettersøkt av nazistane av ein einaste grunn, han er jøde.

Seksti år etter krigen kjem journalisten Reba til Elsie sitt bakeri i Texas. Ho vert nysgjerrig på historia til Elsie og løyndomane hennar.

Både Reba og Elsie har sine demonar frå fortida å slite med, begge leitar etter forsoning og tilgjeving.

Sorg, venskap, familie, kjærleik

fredag 12. juli 2019

Etter festivalen

To søstre som ikkje får lov til å opptre i heimlandet


Eg var berre på to konsertar, denne gongen. I tillegg til gallakonserten vart det ein konsert med far og dotter frå India. Elles er det kjekt å få med seg stemninga og nokre av gratisarrangementa, som «Møte med artisten». Nokre av artistane vert intervjua og fortel om musikken og livet. M.a. dei to iranske søstrene som må reise utanlands for å utøve musikken sin, då det er forbode for kvinner i Iran å syngje offentleg. I Førde hadde dei kyrkjekonsert.
Eg likar å glane på folk, gå på gratisarrangement, høyre folk spele, både spontant og planlagt. Treffe folk som ein ikkje kjenner og truleg ikkje kjem til å møte att. Skip som passerer i natta. I år møtte eg eit par frå Kongsberg. Det var første gong dei var på festivalen og frå Førde skulle dei vidare til Ålesund. Kva dei heitte veit eg ikkje, men eit hyggeleg måltid delte vi og trivelege var dei.



torsdag 4. juli 2019

Festival-tid


Cajun

Cajuner er ei etnisk gruppe som lever i delstaten Louisiana i USA. Dei er opprinneleg fransktalande. Dei har ulike anar. Fransktalande innvandrarar busette seg langs Mississippi etter at Frankrike annekterte Louisiana i 1683 og etter kvart anla byar der. Ei ny innvandring av fransktalande kom frå det austre Canada då dei franske kolonistane der vart drivne bort av engelskmennene på 1700-talet. Desse to gruppene med kvar sin variant av det franske språket vart etter kvart blanda saman til det som vert kalla cadiens (cajuner).
Cajunmusikken er ein av dei eldste folkemusikksjangrane i USA. Han er enkel, melodiøs og tydeleg rytmisk. Instrumenta er ofte fele, cajun-akkordion, gitar, kontrabass og triangel. Tekstane handlar mykje om cajun-folket si historie, om kjærleik, jakt, fest og drikke.
I år skulle ei av dei fremste representantane for cajun-musikken, Sarah Savoy, kome til Førdefestivalen, med Sarah Savoy trio. Ho skulle ha tre konsertar og to kurs. Eg hadde kjøpt billett til fredagens konsert og gledde meg stort. Så braut ho handleddet og måtte avlyse alt saman. Det har lukkast festivalen å finne andre som kan gå inn og erstatte henne i programmet. Men det vert ikkje heilt det same, ikkje for meg, i alle høve. Så no vert det berre gallakonserten laurdag. Det brukar å vere eit høgdepunkt under festivalen.


onsdag 3. juli 2019

torsdag 13. juni 2019

Blyanthjarte

Blyanthjerte
Elin Hansson
Aschehoug 2019

Ei gammal sjel i ein ung kropp
Kva gjer ein når ein er heilt åleine? Når farmor er død og besteveninna har flytta til Bodø og ein sjølv er tolv år og ikkje torer å snakke med gutar?
Sommarferie er eigentleg fint, men skal ein sitje inne heile livet og ete fyrstekake og spele yatzy med seg sjølv? Farmor og besteveninna Ida var dei einaste som alltid forstod henne. Dersom Liv går ut risikerer ho å møte på Ulrik frå B-klassen, verste plageånda i verda. Han kallar henne for tante Sofie eller frøken fyrstekake og spør kvar ho har kjøpt kleda sine, han vil gjerne tipse bestemor si, seier han.

Men heilt åleine er ho jo ikkje, tenkjer ho
"Jeg har jo fremdeles de gamle venninnene og Hallgrim på biblioteket."
Dei gamle veninnene er farmor sine gamle veninner og Hallgrim er farmor sin favorittbibliotekar.
Første gongen ho prøver ut ein ny klesstil vert alt heilt feil. Liv trur at ho må endre seg sjølv for at andre skal like henne. Men kanskje er det omvendt.

Om å vere ung og forvirra og einsam og kanskje forelska.

mandag 10. juni 2019

Sommar


Sommar
Fredag var det sol og fint, så eg tok med bok og briller og ei flaske vatn og gjekk ned til elva og sat og las eit par timar. Så kjøpte eg brød og to solskinnsbollar på skulen sitt bakeri før eg gjekk opp att. No var det siste utsalsdagen før sommarferien, så når desse brøda er etne må eg leve på butikkbrød heilt til dei opnar att, 30. august. Solvang sine brød er litt dyrare enn kneippen på butikken. Men så godt med nybaka brød og stort utval har dei, òg. Grove, halvgrove og fine både brød, bollar, rundstykke, focaccia og pizzabrød. Butikkbrøda er berre luft i samanlikning.

Dagen etter regna det, så sommaren er lunefull. Ein dag er det fint å sitje ute, neste dag er alle steinar og benkar våte. Eg hugsar mamma sa, ein gong det var sundag og styggevêr, at no angra ho på alle dei fine sundagane ho ikkje hadde vore ute og gått tur.



lørdag 1. juni 2019

Sommarles

Sommaren er offisielt her og biblioteket har laga til Sommarles-telt. Nesten så eg ynskjer at eg var tretten år og kunne krype inn og setje meg med ei spanande bok.

Kven les flest bøker i sommar?

fredag 24. mai 2019

Vår



Det vårast i landet
Fyrste blomen han er komen

Eg har ein liten kveldstur i nærområdet. Fine stiar å vandre på, vårens første blomar tittar opp, ein trestubbe, eit svaberg ved elva.

Eg gjekk ein tur på stien




fredag 17. mai 2019

Eg trur eg stoppar med åttande bok



Den onde greven
Lemony Snicket
Cappelen
1-8 (13)

Lemony Snicket var ein amerikansk forfattar som eigentleg heitte Daniel Handler. Han vart alltid fotografert bakfrå, med ein stor hatt, for ikkje å verte kjent att, då desse bøkene kom ut.
Daniel Handler er forfattar av fleire bøker. Bottle Grove kjem etter planen ut i USA i løpet av 2019. Han er omsett til 40 språk og har selt over 70 millionar bøker.
Dei tre første bøkene i serien Den onde greven vart filma i 2004, med Jim Carrey i rolla som den vonde grev Olaf.

Baudelaire-barna sin heim vert lagt i ruinar i ein stor brann, begge foreldra omkjem. Eine vergen deira er ein mann som kallar seg grev Olaf. Han er ein grisk fyr som er ute etter formuen dei arva etter foreldra. I kvar bok kjem dei til ein ny familie/ei ny verge, men grev Olaf finn dei kvar gong. Han forkler seg og det er berre dei tre borna som kvar gong avslører han. Kvar gong slepper dei så vidt unna. Kvar bok startar med at dei kjem til ein ny stad, nye folk og Mr Poe, bankmannen som styrer formuen deira, trur at no er dei trygge. Men grev Olaf finn dei. Og slik går no dagane. Det skal visst vere tretten bøker, eg har lese åtte. Fleire trur eg ikkje det vert, det vert litt trøyttande å lese om det same om att og om att. Scenene er ulike, men tanken er alltid at grev Olaf prøver å få tak i pengane, dei tre Baudelaire-ungane greier å avsløre han. Om att og om att. Det vert aldri slutt på prøvingane. Uansett kor mange innfløkte situasjonar dei greier å kome seg unna, veit lesaren alltid at på neste side ventar nye utfordringar for dei tre barna.

Kvar bok startar med ei åtvaring : Du har sikkert plukka opp denne boka ved ei misforståing. Dersom du er ved dine fulle fem så legg henne frå deg med ein gong og finn noko anna å lese. Kvar bok sluttar med eit brev til redaktøren om kvar han kan finne manuskriptet til neste bok.

Spanande, ja. Men for mykje oppattaking.

fredag 10. mai 2019

Hadde jeg vinger


Margaret Skjelbred
Hadde jeg vinger
Tiden
2019
Hadde jeg vinger av Margaret Skjelbred (Innbundet) 
Margaret Skjelbred har tidlegare gjeve ut bøker i ulike sjangrar, dette er første novellesamlinga hennar.
Eit ektepar sit på kyrkjetrappa og minnest barnet dei mista.
Ei jente har vakse opp med to mødre og står ved grava til Anki, si andre mor.
Tante Anna ville så gjerne, men vart aldri så nær som farmor.
Små historier om sorga, kjærleiken, saknet og lengten.
Stundom kan sanninga formulerast i eit lite ordspel:
«Den som er imot, er en gullerot!»
Sitatet er henta frå historia som rørte meg mest, forteljinga om Anki. Ho som hadde ei eineståande evne til å kome dit ho trengdest mest nett idet ho trengdest mest:
«Dukket opp med sin skjeve gange, sine varme hender, sine gode råd og sitt romslige fang så proppfullt av betingelsesløs kjærlighet.»
Anki, som kunne verte rasande sint. Om ho møtte ein prest med reservasjonsrett og sterke meiningar om lesbiske organistar kunne ho trive tekanna og løfte henne over hovudet. Anki som alltid passa på at kona hadde eit ekstra lommetørkle i reserve. Historia sin eg-person står ved grava til Anki og ser på havet av blomar og tenkjer på kor høgt elska Anki var av alle som kjende henne.

160 sider, sytten noveller, mange triste. Skjelbred er ikkje redd for å ta opp vanskelege tema. Ho gjev ei røyst til dei mest sårbare.
Tilrådd?
Åjadå

fredag 3. mai 2019

Giftesjuke Don


Prosjekt Rosie
Graeme Simsion
Aschehoug 2017
Don Tillman skal gifte seg. Han veit berre ikkje heilt med kven. Eit fleire sider langt spørjeskjema, som får tittelen Prosjekt Kone, skal hjelpe han med å finne Den Rette. Hans kvinne skal ikkje røyke, ho kan drikke moderat, ho skal definitivt ikkje kome for seint. Så møter han Rosie. Full av liv, smart, vakker og spontan, røyker som ein skorstein og kjem alltid for seint. Totalt ueigna som kone-emne. Rosie har sitt eige prosjekt. Ho skal finne sin biologiske far.
På baksida av boka stod det at ein skulle vere ein kynisk lesar dersom ein ikkje fall pladask for hovudpersonen. Eg kjenner meg ikkje som ein kynisk lesar, men etter vel tretti sider tok eg boka med ned att på biblioteket. Men så møtte eg heldigvis ein bibliotekar som hadde lese boka og likt henne godt. Ho tykte òg at boka var litt vanskeleg å kome inn i, så kanskje eg burde gje henne ein sjanse til. Eg tok boka med meg heim, att, og sette meg til å lese. Etter kvart vart det slik at det vart vanskeleg å leggje henne frå seg. Eg er takksam overfor bibliotekaren som fekk meg til å prøve på nytt.
Når ein berre kjem over dei første, litt omstendelege, sidene der ein vert kjent med Don Tillman vert det spanande å fylgje både han og prosjektet hans. Etter kvart som han (og lesaren) vert kjent med Rosie er det nesten slik at ein må porsjonere ut sidene så boka ikkje skal ta slutt for fort.
Fall pladask gjorde eg ikkje, men absolutt ei fin leseoppleving.


fredag 26. april 2019

Med lakrisstrø

Årets første


Ikkje nett kvardagskost, men når det er bortimot 20+ klokka 20, så hender det eg fell for freistinga. God var han, òg.

fredag 19. april 2019

Blybryllup



Blybryllup

Sara Paborn
Gyldendal
2018
Den stillferdige bibliotekaren kjem ein dag heim og finn alle bøkene sine fjerna. Mannen har hivd dei på søppeldynga. Han ser ikkje verdien i oppdikta historier.
I eit hjørne av rommet finn ho ei kiste med ting ho har fått med seg frå barndomsheimen. Blant mykje anna finn ho nokre blylodd. Den stillferdige bibliotekaren vert til ein kjemispesialist. Ho skal kvitte seg med den overlegne og nedlatande mannen ein gong for alle.
I trettini år har han sett hånleg på «hobbyen» hennar, å lese bøker. Fantasi har han ingen bruk for, oppdikta personar er berre tull. I hans verd er det kablar som gjeld, heile livet har han strekt kablar. Og lytta til boggie-musikk.
Litt vel mykje detaljar om gifter og verknadane for ein som ikkje er særleg kjemiinteressert. Men fornøyeleg å lese om korleis ho må handtere uventa problem som måtte dukke opp.
Då ein skule i nærleiken skal leggjast ned og dei må kvitte seg med alt av litteratur og alt som finst på kjemilaboratoriet, ser Irene det som eit teikn. No har ho lese seg såpass opp på faget at ho veit kva ho kan gjere med det ho finn.
Åtvaring
Les ikkje boka dersom du er over middels irritert over nabokatten. Eller nokon på to bein.

fredag 12. april 2019

Brua


Heimturen


Då han starta på heimvegen var vêret og føret bra. Men det var ein lang køyretur og møtet hadde vart lenge og Jimmy var trøytt, så han køyrde ikkje fort og han tok eit par pausar undervegs. Etter kvart mørkna himmelen og regnet tok til å ause ned. Skodda la seg tjukk og gjorde sikta dårleg. Etter kvart vart vinden sterkare og Jimmy såg knapt ein meter framfor seg.
Han sette på litt musikk og lytta med eit halvt øyre. Papira frå møtet låg på setet ved sida av han. Det var noteark med melodiar han skulle øve inn, det var kontraktframlegg frå eit par plateselskap. Det var rikeleg med arbeid som venta når han berre var vel heimkomen. Men før det var det turen og køyringa som kravde konsentrasjonen hans.
Brått vart han var ein mann i vegkanten. Tommelen signaliserte at fyren trengde skyss. Det måtte vere eit viktig ærend som fekk ein mann ut i eit slikt vêr. Anten hadde bilen hans brote saman eller så hadde han vorte like overraska over vêrskiftet som Jimmy hadde vorte.
Uansett, Jimmy stoppa bilen og rydda vekk papira som låg på setet ved sida av seg og førebudde seg på å ta mot haikaren. Døra vart ikkje opna og Jimmy gjekk ut og såg seg rundt, det han kunne sjå i den dårlege sikta. Han fekk ikkje auge på mannen. Han gjekk rundt bilen eit par gonger. Han gjekk litt framfor bilen. Då såg han at brua han nett skulle til å køyre over var vaska vekk i det voldsomme regnet. Hadde ikkje mannen stoppa han ville Jimmy og bilen hamna rett i dei frådande vannmassane. Mannen var borte og det same var brua.

(Det er min tekst, men historia er sann)