Shepard/Hawkins
Flystyrten i
1963 kravde fire liv. Piloten Randy Hughes, Patsy Cline,
Cowboy Copas og Hawkshaw Hawkins. Ei tid etterpå verka det som det
berre var Patsy Cline som var omkomen. Det var henne folk snakka om, det var
henne det vart laga film om. Kanskje det var fordi ho var «den unge døde», ho
var tretti år. Copas var 49 år og Hawkins 41. På det tidspunktet var Cowboy
Copas og Hawkshaw Hawkins meir kjende enn henne. Piloten Hughes var manageren
til Cline og han var dessutan svigerson til Copas.
Jean Shepard var åtte månader på veg med hennar og Hawkshaw
Hawkins andre barn. Ho låg og sov då ei veninne
ringde og lurte på kva ho dreiv med og om ho hadde høyrt om flystyrten.
To av Hawkins sine beste vener var Marty Robbins og Don
Gibson. Eldste sonen var døypt Donald Robin etter desse to. Då Hawkins døydde
skreiv Marty Robbins songen «Two little boys» til Jean Shepard. Ho nekta først
å syngje han, men etter kvart spelte ho inn songen. Då Robbins skreiv songen,
krediterte han ungane til Hawkins/Shepard som låtskrivarar. Dei fekk alle
rettane til songen.
Jean Shepard døydde i 2016.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar