fredag 27. september 2019

Truluv



Bokmelding

Elizabeth Berg

Historien om Arthur Truluv

Cappelen Damm 2019

Arthur steller hus og hage og katt. Deretter tek han bussen til kyrkjegarden og et lunsj i lag med kona si. På veg til grava hennar vandrar han forbi mange gravsteinar og les inskripsjonane. Dei snakkar til han og han ser føre seg korleis dei var og kva slags liv dei hadde, dei som ligg der.
Ved grava til Nola set han seg på klappstolen han har med, et lunsjen sin og pratar til henne. Han fortel om dagane, om rosene og at han saknar henne, men han greier seg. Livet går vidare, katten Gordon held han med selskap og naboen Lucille forar han med utsøkt bakverk.
Kyrkjegarden er også ein trygg tilhaldsstad for Maddy som brukar friminutta der for å kome unna dei andre ungdomane. Heime er faren taus, han vil ikkje snakke om mora som døydde i ei trafikkulukke då Maddy var to veker gammal. Han er glad i jentungen, men har vanskeleg for å vise det. Ho forelskar seg i ein kar som ei svigermor ikkje ville ynskt seg.
Ein dag kjem Maddy og Arthur i snakk og eit venskap oppstår mellom to einsame sjeler.
I nabohuset bakar Lucille kaker som ingen kan motstå, men ho har også fått utdelt sin rikelege porsjon av forvitenskap. Ho møter att barndomskjærasten, dei forlovar seg og Lucille drøymer om eit liv i lag med han. Så døyr han, etter ein månad og livet går i svart.
Ei bok om å finne nye vegar og nye sjansar. Venskap på tvers av alder, om å hjelpe kvarandre vidare. Maddy gjev Arthur eit nytt etternamn, Truluv – ekte kjærleik.

Ekte kjærleik og ekte venskap.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar