Sommar
Fredag var det sol og fint, så eg tok med bok og
briller og ei flaske vatn og gjekk ned til elva og sat og las eit par timar. Så
kjøpte eg brød og to solskinnsbollar på skulen sitt bakeri før eg gjekk opp att.
No var det siste utsalsdagen før sommarferien, så når desse brøda er etne må eg
leve på butikkbrød heilt til dei opnar att, 30. august. Solvang sine brød er
litt dyrare enn kneippen på butikken. Men så godt med nybaka brød og stort
utval har dei, òg. Grove, halvgrove og fine både brød, bollar, rundstykke,
focaccia og pizzabrød. Butikkbrøda er berre luft i samanlikning.
Dagen etter regna det, så sommaren er lunefull. Ein
dag er det fint å sitje ute, neste dag er alle steinar og benkar våte. Eg
hugsar mamma sa, ein gong det var sundag og styggevêr, at no angra ho på alle
dei fine sundagane ho ikkje hadde vore ute og gått tur.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar