Julekonsert og eldsjeler
Kyrkja. Sundagskveld. Mørkt ute,
lunt inne. Førde har eit rikt musikkliv. Fleire kor, eitt korps, allsong. Men
to personar må vere alfa og omega når det gjeld å halde kora i gong. Gro Anthun
og Kjetil Andreas Nydal er dirigent for (trur det vart) tre kor kvar. Utan
desse eldsjelene ville det vore skrint med korsongen.
Julestemninga set seg
når eg høyrer gamle og nye julesongar vakkert framført. Fin avslutning av
tredje sundag i advent.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar