Den onde greven
Lemony Snicket
Cappelen
1-8
(13)
Lemony
Snicket var ein amerikansk forfattar som eigentleg heitte Daniel Handler. Han
vart alltid fotografert bakfrå, med ein stor hatt, for ikkje å verte kjent att,
då desse bøkene kom ut.
Daniel
Handler er forfattar av fleire bøker. Bottle Grove kjem etter planen ut i USA i
løpet av 2019. Han er omsett til 40 språk og har selt over 70 millionar bøker.
Dei tre første bøkene i serien Den onde
greven vart filma i 2004, med Jim Carrey i rolla som den vonde grev Olaf.
Baudelaire-barna
sin heim vert lagt i ruinar i ein stor brann, begge foreldra omkjem. Eine
vergen deira er ein mann som kallar seg grev Olaf. Han er ein grisk fyr som er
ute etter formuen dei arva etter foreldra. I kvar bok kjem dei til ein ny
familie/ei ny verge, men grev Olaf finn dei kvar gong. Han forkler seg og det
er berre dei tre borna som kvar gong avslører han. Kvar gong slepper dei så
vidt unna. Kvar bok startar med at dei kjem til ein ny stad, nye folk og Mr
Poe, bankmannen som styrer formuen deira, trur at no er dei trygge. Men grev
Olaf finn dei. Og slik går no dagane. Det skal visst vere tretten bøker, eg har
lese åtte. Fleire trur eg ikkje det vert, det vert litt trøyttande å lese om
det same om att og om att. Scenene er ulike, men tanken er alltid at grev Olaf
prøver å få tak i pengane, dei tre Baudelaire-ungane greier å avsløre han. Om
att og om att. Det vert aldri slutt på prøvingane. Uansett kor mange innfløkte situasjonar dei greier å kome seg unna, veit lesaren alltid at på neste side ventar nye utfordringar for dei tre barna.
Kvar
bok startar med ei åtvaring : Du har sikkert plukka opp denne boka ved ei
misforståing. Dersom du er ved dine fulle fem så legg henne frå deg med ein gong
og finn noko anna å lese. Kvar bok sluttar med eit brev til redaktøren om kvar
han kan finne manuskriptet til neste bok.
Spanande,
ja. Men for mykje oppattaking.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar