fredag 3. mai 2019

Giftesjuke Don


Prosjekt Rosie
Graeme Simsion
Aschehoug 2017
Don Tillman skal gifte seg. Han veit berre ikkje heilt med kven. Eit fleire sider langt spørjeskjema, som får tittelen Prosjekt Kone, skal hjelpe han med å finne Den Rette. Hans kvinne skal ikkje røyke, ho kan drikke moderat, ho skal definitivt ikkje kome for seint. Så møter han Rosie. Full av liv, smart, vakker og spontan, røyker som ein skorstein og kjem alltid for seint. Totalt ueigna som kone-emne. Rosie har sitt eige prosjekt. Ho skal finne sin biologiske far.
På baksida av boka stod det at ein skulle vere ein kynisk lesar dersom ein ikkje fall pladask for hovudpersonen. Eg kjenner meg ikkje som ein kynisk lesar, men etter vel tretti sider tok eg boka med ned att på biblioteket. Men så møtte eg heldigvis ein bibliotekar som hadde lese boka og likt henne godt. Ho tykte òg at boka var litt vanskeleg å kome inn i, så kanskje eg burde gje henne ein sjanse til. Eg tok boka med meg heim, att, og sette meg til å lese. Etter kvart vart det slik at det vart vanskeleg å leggje henne frå seg. Eg er takksam overfor bibliotekaren som fekk meg til å prøve på nytt.
Når ein berre kjem over dei første, litt omstendelege, sidene der ein vert kjent med Don Tillman vert det spanande å fylgje både han og prosjektet hans. Etter kvart som han (og lesaren) vert kjent med Rosie er det nesten slik at ein må porsjonere ut sidene så boka ikkje skal ta slutt for fort.
Fall pladask gjorde eg ikkje, men absolutt ei fin leseoppleving.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar