torsdag 3. oktober 2019

Astrup. Flammen over Jølster

AstrupFlammen over Jølster


Seks år tok det å lage filmen. No vert han vist på kinoar rundt i fylket. Premiere 04. oktober. Eg var på førpremiere i Førde sundag 29. september. Så startar arbeidet med å gjere han kjent, selje han inn til fleire land.

Filmen er sjåverdig, han gjev eit innblikk i livet til målaren og vi vert betre kjende med Nikolai og Engel.

Men kvifor snakkar Astrup (i filmen) dansk? Dei som står bak filmen argumenterer med at Thure Lindhardt er ein så god skodespelar at dei måtte ha han, spelet var så godt at då fekk han heller snakke dansk. Skodespelaren var god, men eg spør meg sjølv om det i løpet av seks år ikkje var råd å finne ein norsk skodespelar som var god nok til å spele Astrup. Henriette Marø som spelte Engel var glitrande, nett slik i alle høve eg har tenkt meg henne.

Ein ting eg er lei av, er dette med at kristne alltid skal framstillast som mørkemenn, det vere seg i litteratur, film, musikk. No hadde Nikolai eit anstrengt tilhøve til far sin. Men sokneprest Astrup var jo også eit menneske, ikkje berre prest. I filmen vert han framstilt som ein dyster mørkemann. Han prøver å kvele skapartrongen i sonen ved å sende han til Trondheim på latinskule. Han nektar han skulepengar til Kristiania, til Harriet Backer sin målarskule. Han går frå løftet sitt om at Nikolai skal få kjøpe våningshuset på prestegarden. Preikene hans er uendelege og ingen får forlate kyrkja før han er ferdig.
Som ei motvekt står mor til Astrup, ho skaffar skulepengane han treng for å reise til Kristiania for å gå på målarskule. Men elles er ho lite nemnd i filmen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar