fredag 12. april 2019

Brua


Heimturen


Då han starta på heimvegen var vêret og føret bra. Men det var ein lang køyretur og møtet hadde vart lenge og Jimmy var trøytt, så han køyrde ikkje fort og han tok eit par pausar undervegs. Etter kvart mørkna himmelen og regnet tok til å ause ned. Skodda la seg tjukk og gjorde sikta dårleg. Etter kvart vart vinden sterkare og Jimmy såg knapt ein meter framfor seg.
Han sette på litt musikk og lytta med eit halvt øyre. Papira frå møtet låg på setet ved sida av han. Det var noteark med melodiar han skulle øve inn, det var kontraktframlegg frå eit par plateselskap. Det var rikeleg med arbeid som venta når han berre var vel heimkomen. Men før det var det turen og køyringa som kravde konsentrasjonen hans.
Brått vart han var ein mann i vegkanten. Tommelen signaliserte at fyren trengde skyss. Det måtte vere eit viktig ærend som fekk ein mann ut i eit slikt vêr. Anten hadde bilen hans brote saman eller så hadde han vorte like overraska over vêrskiftet som Jimmy hadde vorte.
Uansett, Jimmy stoppa bilen og rydda vekk papira som låg på setet ved sida av seg og førebudde seg på å ta mot haikaren. Døra vart ikkje opna og Jimmy gjekk ut og såg seg rundt, det han kunne sjå i den dårlege sikta. Han fekk ikkje auge på mannen. Han gjekk rundt bilen eit par gonger. Han gjekk litt framfor bilen. Då såg han at brua han nett skulle til å køyre over var vaska vekk i det voldsomme regnet. Hadde ikkje mannen stoppa han ville Jimmy og bilen hamna rett i dei frådande vannmassane. Mannen var borte og det same var brua.

(Det er min tekst, men historia er sann)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar