Cajun
Cajuner er ei
etnisk gruppe som lever i delstaten Louisiana i USA. Dei er opprinneleg
fransktalande. Dei har ulike anar. Fransktalande innvandrarar busette seg langs
Mississippi etter at Frankrike annekterte Louisiana i 1683 og etter kvart anla
byar der. Ei ny innvandring av fransktalande kom frå det austre Canada då dei
franske kolonistane der vart drivne bort av engelskmennene på 1700-talet. Desse
to gruppene med kvar sin variant av det franske språket vart etter kvart blanda
saman til det som vert kalla cadiens (cajuner).
Cajunmusikken er
ein av dei eldste folkemusikksjangrane i USA. Han er enkel, melodiøs og tydeleg
rytmisk. Instrumenta er ofte fele, cajun-akkordion, gitar, kontrabass og
triangel. Tekstane handlar mykje om cajun-folket si historie, om kjærleik,
jakt, fest og drikke.
I år skulle ei av
dei fremste representantane for cajun-musikken, Sarah Savoy, kome til
Førdefestivalen, med Sarah Savoy trio. Ho skulle ha tre konsertar og to kurs. Eg
hadde kjøpt billett til fredagens konsert og gledde meg stort. Så braut ho
handleddet og måtte avlyse alt saman. Det har lukkast festivalen å finne andre
som kan gå inn og erstatte henne i programmet. Men det vert ikkje heilt det
same, ikkje for meg, i alle høve. Så no vert det berre gallakonserten laurdag. Det
brukar å vere eit høgdepunkt under festivalen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar