Fiona Mitchell
Hushjelpens rom
Gyldendal 2018
Søstrene
Dolly og Tala er frå Filippinane . I Singapore slit dei frå morgon til kveld
for rike familiar frå Vesten. Alle pengane dei kan avsjå sender dei heim til
familien i heimlandet. Dolly saknar dottera Mallie, men tenkjer at pengane ho
kan sende heim vil sikre Mallie eit betre liv enn det ho sjølv har hatt. Tala
er lei av blodslitet og er opprørt over det andre filippinske tenestejenter kan
fortelje. På nettet tek ein anonym bloggar til å gje råd om korleis ein skal ha
kustus på hushjelpene. Tala trassar frykta for å verte deportert og ho går til
motangrep.
Også
Jules er langt heimafrå. Ho forlet jobben som jordmor i England for å fylgje
mannen til Singapore. Der prøver ho å få ein ny omgangskrets. Ho har vanskar
med å finne sin plass blant dei priviligerte vestlege kvinnene i byen. Møtet
med Dolly og Tala vert ein augeopnar.
Når
ei mor ryggar på sin eigen unge fordi ho ikkje såg han og ho dessutan hadde
drukke eit par glas vin før ho sette seg i bilen, kva gjer ein då? Jau, då
skuldar ein på hushjelpa som ikkje passa godt nok på ungen. At hushjelpa var
oppteken med å roe ned broren som hadde eit raserianfall spelar inga rolle.
Hushjelpa vert hengt ut på bloggen til den anonyme «Vanda», med bilete og fullt
namn. Neste steget for henne er deportasjon.
Vår
tids tenestejenter, sterkt søsterskap og venskap som kan oppstå på tvers av
klasseskilje.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar