Har
fått ny karriere, som kjøkkenskrivar. Her ein dag fann eg ut at eg måtte innvie
steikeomnen skikkeleg. Har hivt inni ein pizza eller ein fiskegrateng i ny og
ne. Men no skulle eg ta han i bruk. Lånte brødformer av husvertinna og sette i
gang. Første gongen køyrde eg litt varsamt. Eg brukte ein slik ferdigblanda
pakke som eg hadde kjøpt på butikken. Så tilsette eg gjær og vatn og knadde
deigen så eg kjende det i armmusklane. Deretter hadde eg dei i formene og let
dei etterheve til dobbel storleik. Sette dei i omnen og steikte dei. Skar ei
skive og hadde på godt smør. Mhmm.
Sidan eg først var i gong og hadde omnen varm laga eg dobbel porsjon med
granola/frukostblanding. Så dagen etter hadde eg lunsj med yoghurt og sjølvlaga
frukostblanding.
Nesten så eg trur det har gått eit brukande kjerringemne tapt i meg


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar