Babettes gjestebod.
Ålhus kyrkje og prestegard.
(Jølster bibliotek, Rom for ord, Svidal
Skriveri, Sogn og Fjordane fylkeskommune)
Monologen i kyrkja.
Ragnhild Gudbrandsen spelte glitrande, ho
bevega seg rundt i rommet, ho endra dialekt etter personane, ho song, ho
fortalde. Åleine på scena i ein god time, eit par stolar som rekvisittar.
Gjestebod i prestegarden.
Maten var eit eventyr av lokale råvarer.
Det var aure og hjort, det var tilslørte bondepiker, lefser, gele. det var
stikkelsbærsaft og rabarbrasaft og eplemost.
Det var så mykje meir. Det var
prat rundt borda, det var allsong, det var diktlesing, det var minner og
forteljingar om farne tider.
Eit gjestebod verdig ei Babette.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar