Jula som barn
Då han var yngre
var onkel Kåre flink til å finne på julegåver. Seinare gjekk han over til å gje
pengar. Etter at mor vart åleine med oss ungane og sidan han sjølv var einsleg
vart det til at han vitja oss kvar sommar og kvar jul. Eg minnest at han kom
med bussen og når vi såg han kom opp bakken mot huset sprang vi ned for å møte
han og gå i lag med han siste stykket. Han brukte å ha noko i frakkelommen til
oss, gjerne ein pose twist som vi skulle dele. Kanskje det er difor eg alltid
har likt twist så godt.
Ein sommar hugsa
eg han spurde om eg skulle vere med ned til Dale. Ja, eg kunne godt gå ein tur
med han, kan hende fekk eg ein is, òg, tenkte eg. Det eg ikkje visste var at ærendet
han hadde var å kjøpe sykkel til meg. Eg var så gammal at eg fekk ein vaksen-sykkel
og min oransje doning tente meg vel til eg var over femti. Det var robuste
saker dei produserte, den gongen.
Ei jul fekk eg
ein liten leikekomfyr, med panner og brødformer. Den gåva hadde eg mykje moro
med, steikte brød og laga «middag». Men den gåva eg hugsar best er den gongen
eg fekk såper og vaskevassfat. Det var eigentleg marsipan forma som såper. At ein
slikkmunn som meg ikkje åt dei opp med ein gong, men leikte med dei, fortel
litt om kor stor pris eg sette på dei.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar