Margaret
Skjelbred
Hadde jeg
vinger
Tiden
2019
Margaret Skjelbred har tidlegare gjeve ut bøker i
ulike sjangrar, dette er første novellesamlinga hennar.
Eit ektepar sit på kyrkjetrappa og minnest barnet
dei mista.
Ei jente har vakse opp med to mødre og står ved
grava til Anki, si andre mor.
Tante Anna ville så gjerne, men vart aldri så nær
som farmor.
Små historier om sorga, kjærleiken, saknet og
lengten.
Stundom kan sanninga formulerast i eit lite
ordspel:
«Den som er imot, er en gullerot!»
Sitatet er henta frå historia som rørte meg mest, forteljinga om Anki.
Ho som hadde ei eineståande evne til å kome dit ho trengdest mest nett idet ho
trengdest mest:
«Dukket opp med sin skjeve gange, sine varme
hender, sine gode råd og sitt romslige fang så proppfullt av betingelsesløs kjærlighet.»
Anki, som kunne verte rasande sint. Om ho møtte ein prest med
reservasjonsrett og sterke meiningar om lesbiske organistar kunne ho trive
tekanna og løfte henne over hovudet. Anki som alltid passa på at kona hadde eit
ekstra lommetørkle i reserve. Historia sin eg-person står ved grava til Anki og
ser på havet av blomar og tenkjer på kor høgt elska Anki var av alle som kjende
henne.
160 sider, sytten noveller, mange triste. Skjelbred
er ikkje redd for å ta opp vanskelege tema. Ho gjev ei røyst til dei mest
sårbare.
Tilrådd?
Åjadå
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar