torsdag 27. mars 2025

Vêrsjuk-dag

 

Rart med det, ein får no gjort litt, i dei tidlege morgontimane, når ein legg seg kl eitt om natta og står opp att to timar seinare. Ikkje er eg trøytt, heller, så etter å ha sove ein time og vridd knute på meg sjølv, ein time, står eg like godt opp og puslar med mitt medan dagen ute enno er nattemørk.

No har eg betalt ei rekning, skrive litt, vaska over golva, rydda på plass varene frå handlinga i går, fått i meg første kaffikoppen, ete frukost. Og enno er ikkje klokka sju.

Langsamt vaknar dagen til liv. Utanfor glaset vert det lyst, men det var nesten betre då det var morgonmørkt. Eg trur eg er smått vêrsjuk av alt dette regnet. Det er lyst, men likevel grått, skodda heng som ei gardin nedover fjella. Så vidt skimtar eg andre sida av fjorden, bilane der køyrer inn og ut av skoddeheimen.

Nei, i dag er det visst ikkje nokon utedag, for dei som ikkje er nøydde til å ha det. I dag er det meir «vere-inne-kose-seg-dag», som eg minnest at det stod i ei eller anna barnebok, ein gong.


fredag 21. mars 2025

Mat nok

 

Det vert ikkje hungersnaud, denne veka, heller. I alle høve ikkje her i huset. Eg skulle berre ha litt pålegg og litt frukt, på butikken. Så fann eg ein lettvint dessert, på nettet. Det var ein fruktdessert og det er vel sunt, vel? Så eg tenkte eg skulle handle litt ekstra frukt til det bruket.

Så kjem eg inn på butikken med ei tom vogn. Først var eg bortom fruktavdelinga. Kiwi, blåbær, eple, druer, bananer. Det skulle vere jordbær i denne desserten eg hadde funne, men 54 kr for ei lita korg med utanlandske bær, nei så slavisk fylgjer eg ikkje oppskrifta. Så vandra eg vidare, snodde meg gjennom alle freistingar og tilbod. Tilbod på salat, tre for to på spesialpølser, datosal på nuggets, personlege priskutt i Rema-appen. Pluss alt det andre eg brått fann ut at eg berre måtte ha.

Handlevogna var ikkje tom då eg kom til kassen.


lørdag 15. mars 2025

Dei fire årstidene

 

Mor mi broderte fleire fine bilete, ein del store, nokre mindre. Så fekk ho dei innråma. M.a. broderte ho fire bilete i serien «Dei fire årstidene». Desse fekk ho lik råme på, så vi skjønte at desse måtte henge i hop, då vi skifta.

Lurer på kva årstid dette er. Grønt har det vore, sidan jul. To-tre månader med vårkjensle. I går kveld tok det til å snø. Så no er det vinter, att. Tru om vi går rett over frå vinter til sommar, når det lir på litt. Kanskje det vert som i Gudbrandsdalen. Då eg budde der var det våren eg sakna, der gjekk det rett over. Så snart snøen og kulden forsvann, var det sommar. Men der sa dei jo at dei hadde berre tre årstider. Vinter og sommar og elgjakt.

lørdag 8. mars 2025

Helg i mars

God helg 

VM på Hamar, neste helg. 13.mars startar VM på skøyter, einskild-distansar.  Eg har nesten slutta å sjå på sport. Det vert så mykje, at eg rekk ikkje få med meg halvparten. Dessutan er det doping over ein låg sko, verkar det som. Men skøyter er moro å sjå på. Der er det kamp mann mot mann, eller kvinne mot kvinne. Så komande helg kjem eg nok til å sitje klistra framfor skjermen. Godt eg har utstyrt meg med mange strikkeprosjekt.

fredag 28. februar 2025

Maria og Matias

 

                                                                    Av: Ukjend

Matias Orheim

Matias Orheim, 1884-1958, var ein norsk salmediktar og lekpredikant. Han ga ut songbøker, han skreiv over 150 melodiar og rundt 1000 dikt. Fleire av songane er med i Norsk Salmebok.

 

Orheim dreiv ei utstrekt reiseverksemd og han vitja alle prestegjeld i landet, bortsett frå dei seks nordlegaste i Finnmark. Dit var han ikkje velkomen, då han brukte nynorsk.

Når han spelte songane sine, akkompagnerte han gjerne seg sjølv på glas.

 

Matias Orheim vaks opp på garden Orheim på Stårheim i Nordfjord. Han rekna seg som omvend etter eitt møte på bedehuset i pinsa i 1900. Etter dette møtet skreiv han songen

«Eg fann min Gud i ungdomsår».

Orheim tok etter kvart til å få problem med synet og til slutt, i 1916, var han heilt blind. Fram til han miste synet heilt, reiste han som forkynnar for indremisjonen. Seinare arbeidde han for Noregs Kristelege Ungdomsforbund. Året 1948 heldt han 400 møte.

Kona Maria var med på mange av turane hans og hjelpte han med det han, som blind, ikkje greidde sjølv.

Orheim fekk Kongens fortenestemedalje i gull i 1953.

Dei to, Matias og Maria var saman om det meste. Dei bad til Gud om å få døy saman. Det fekk dei. Om kvelden 20.april 1958 døydde Matias Orheim. Seinare same natta døydde Maria Orheim. Saman er dei gravlagde på Stårheim.

 

Kjelde

https://nn.wikipedia.org/wiki/Matias_Orheim

lørdag 22. februar 2025

Middag

Mamma ville vore stolt. Ho var alltid smått bekymra for at eg ikkje kunne lage mat.

No har eg vore flink. Fire heimelaga middagar, denne veka. Etter handleturen, onsdag, var eg sliten og tok hol på pakken med grillpølser. Fredag var eg og ei veninne på kinesisk restaurant og unte oss ein betre middag. For min del vart det innbakt and i sursøt saus. Elles har eg laga kjøtkaker, semulegrynsgraut, torsk med lauk. I dag vart det heimelaga pizza, dog med innkjøpt pizzabotn frå datodisken på Rema 1000.

Torsken skulle eigentleg verte fiskekaker, men dei hang ikkje saman, det vart mislukka, kan eg vel seie. Men smaken var god, så  eg fekk eit par fiskemiddagar ut av det. Hadde eg for lite bindemiddel i, for mykje væske, var det fordi fisken hadde vore frosen? 

Neste gong lagar eg fiskegrateng av fisken.

lørdag 15. februar 2025

Heldige meg

 

Fredag ettermiddag fekk eg vitjing av eitt tantebarn. Ho spurte om eg kunne lære henne å strikke «sophie scarf». Det kunne eg og ho kom, med bagen full av strikketøy og garn og pinnar. Etter at ho hadde vore ei stund hos meg skulle ho vidare til onkel og tante på Kråkenes. Difor hadde ho med seg eit par gensarar som ho tenkte å spørje tanta der, om. Det var noko med å maske i hop under erma ho ikkje heilt fekk til.

Vi strikka og vi prata. Skravla gjekk såpass at til slutt sa eg: «nei, no tyt eg slik at du greier ikkje å telje». Nei, det hadde ho gjeve opp for lengst, let ho om. Ho kom heilt ut av det kvar gong ho prøvde. Men eg fekk no vist henne korleis ho skulle både auke og felle. Medan ho strikka icord på skjerfet, var det berre så vidt eg unngjekk å strikke icord på det rosa teppet eg heldt på med.

Heldige meg som har slike fine ungdomar å vere med.


onsdag 12. februar 2025

Somme dagar

 

Somme dagar (og kjerringar) er slike. I dag skulle eg visst ha halde senga. Ikkje vil eine kontaktlinsa samarbeide. Eg plundrar fælt, men til slutt smett ho innpå, så eg ser verda so nokolunde.

Deretter slær eg på datamaskina og så opnar eg nokre sider, sjekkar e-post og slikt. Men så vil brått ikkje skriveprogrammet verke. Til slutt vert eg sur (det skal ikkje alltid så mykje til) og slær av heile greia. Dermed forsvinn eit par ting eg ikkje har hugsa å lagre. Eg ventar nokre minutt og slær treskeverket på att. Då fungerer det jammen, sjølvsagt bortsett frå det eg gløymde å lagre og nokre videoar og oppskrifter eg ikkje finn. Dei var då her sist eg såg dei.

Nei, i dag seier eg som Prøysen, lett omskrive

Du skal få ein dag i morgon

som rein og ubrukt står

------

og då kan du rette opp att

alle feila frå i går



lørdag 8. februar 2025

Kjenner eg deg?

 

Sat ved sida av ei dame, på bussen, i går. Brått spurde ho meg om eg var frå Dale. Ja, eg nekta ikkje for det og då fortalde ho at ho hadde gått i klasse med bror min, siste året på barneskulen. Ho var i Dale to dagar i veka, elles gjekk ho på grendaskulen inne i fjorden. Der hadde dei skule, men så måtte dei gjerne til Dale for å ha skulekjøkken og handarbeid og sløyd og slike praktiske ting. Ho hugsa meg frå skuletida, eg gjekk vel i første klasse og var så lita.

Ho hadde sett meg før, let ho om, men som oftast var det ute i trafikken, på andre sida av gata, eit stykke borte. Eg sa at ho måtte no berre snakke til meg, dersom ho såg meg, seinare. 

"Det er ikkje sikkert eg ser deg, eg ser noko dårleg," sa eg.

Ja, ho hugsa det, sa ho.

fredag 31. januar 2025

Minner

 Kjellaug Hatløy Bjergene har skrive ei fin lita bok. 

TIL-FRÅ ØEN SKULE, 

1949-1952.

 Ei minnebok om korleis det var å gå på ein liten grendaskule i 40- og 50-talet. Seks jenter og ein gut i klassen.

Kjekt bokslepp i Løa i Sande-tunet. Stolar måtte berast inn etter kvart som lokalet vart fylt opp. Over 100 stk var innom.

Det er viktig å ta vare på slike minne, å overbringe minna til seinare generasjonar.. Historia handlar ikkje berre om kongar og krigar, men om vanlege menneske i leik og arbeid.

fredag 24. januar 2025

Strikkedilla

 

Var ein tur på strikkebutikken og leverte ein pose med nystrikka og nyvaska pledd og huver. Dei tek mot og sorterer og så leverer dei det til sjukehuset. Måtte det varme mange små på si ferd.

Men til putetrekket med fletter fann eg ikkje noko garn som høvde. Så med det same eg var på strikkebutikken så kjøpte eg fire hesper til det prosjektet. Så var eg oppe i etasjen over og fekk hjelp til å vitte opp to av dei. Dvs eg var «hespetre» og ho vitta opp to nøste.

Sjå der, ja, no lærte eg noko nytt i dag, òg. Eg måtte inn på SNL og lese om kvifor det heiter hespetre. Så viser det seg at eg har trudd feil, heile mitt strikkeliv.

Hespetre er ein reiskap som vert brukt til å lage hesper av garn.

Garnvinde er ein reiskap som vert brukt til å lage eitt nøste frå ei hespe.

Det er vanlig å forveksle et hespetre med en garnvinde. En garnvinde er et redskap som brukes til den omvendte prosessen, altså lage et nøste eller en spole fra en hespe.

(Dybdahl, Wendelbo: hespetre, https://snl.no/hespetre)

Så eg er tydelegvis ikkje den einaste som har teke i miss. Det er berre det at det er liksom ikkje heilt det same å seie at eg var garnvinde.

Posar med garn i boden, den kvite stolen er full av garn i allslags fargar, raudt, gult, grønt, beige, fleire grønfargar, på puffen ligg det 400 g-nøstet, ved stresslessen ligg det eitt rosa spøt, ved sofaen ligg det eitt grønt og på bordet ligg det diverse hekle-og flette-prosjekt. Ikkje å undrast over at det stundom kjennest som eg held på å drukne. I garn og pinnar og mønstre.

God helg


torsdag 23. januar 2025

Garnhavet

 Strikkedilla

Eg må ha fleire strikkeprosjekt på gang, samstundes. No held eg på med nokre babypledd som eg strikkar til nyfødden på sjukehuset. Eitt grønt, med ein lys og ein mørkare grønfarge. Eitt heilrosa. Og eitt eldraudt som eg skal ha sjølv. Så strikkar eg litt på det eine og litt på det andre. Når eg har strikka nokreomgangar på det rosa og er litt lei av fargen, tek eg fram det grøne og sit med det, ei stund. 
Så sit eg og kikar bort i den kvite stolen, der eg samlar det meste av garnet. Eg gler meg til å starte på fleire prosjekt. Så finn eg ei fin oppskrift på eitt putemønster med fletter, i eitt blad. Har eg nok garn i ein farge så eg kan lage denne, skal tru?
Trur det var Halvor Bakke (han med eventyrleg oppussing) som sa noko om at her i landet er vi ikkje skapte for å sitje på ræva. Det er vel noko slikt som står på huva hans. Nei, kanskje ikkje, men du verda kor mange fine handarbeid det kan verte ut av det. 
Oppussing driv eg lite med, men på handarbeidsfronten, der er eg god. 

fredag 17. januar 2025

Skobyte

 

Eg hadde time hos dokteren kl 12.00. Vel inne i gangen sette eg meg ned for å byte sko. Eg tok av meg skorne med broddar og tok på meg inneskoa som eg hadde med i sekken. Under prosessen kom det ruslande ei eldre dame, med rullator. Ho stoppa og såg på meg. Det var eitt smart grep, meinte ho, å ha med seg skobyte. Ja, eg var så lei av å slite med desse broddane, å ta dei av og på, tronge som dei er. Lettare då å ha med seg seg eitt par sko som er råd å bruke inne, sa eg. Ja, ho gjekk utan broddar, men så hadde ho rullatoren å støtte seg på. Vi prata litt medan eg bytte sko, så måtte eg gå til timen. Dama tykte det var kjekt å snakke med eitt fornuftig menneske, som ho sa, før vi gjekk kvar til vårt.

For ei stund sidan var eg til MR-undersøking og fekk sjekka topplokket. Nokon vil kanskje seie at det var på tide.  Grunna Parkinson-diagnosen ville nevrologen sjekke om  det var andre moment ein måtte vere obs på. Det var ei eller to blodårer som var litt tjukke, men det var ingen teikn til betennelse (dokteren forklarte det mykje finare). Så det var ikkje "fare på ferde", ingen grunn til å starte med blodfortynnande. Enno i alle høve.

lørdag 11. januar 2025

Sitat

 Trur det var Halvor Bakke som sa at Noreg ikkje vart skapt  for å sitje på ræva. 

Nei, kan hende det, men du verda så mange fine handarbeid det kan verte ut av det.

God helg

søndag 5. januar 2025

Godt år

 Det er mange måtar å seie ting på. Godt nyttår, godt nytt år, godt år. Litt ulik tyding etter korleis ein seier det. Sjølv har eg ein tendens å "slenge med leppa" litt kjappare enn godt er, stundom. I år har eg eitt mål for det nye året: eg skal prøve å halde kjeft meir. Om eg ikkje har noko positivt å seie om ein artist, eitt fjernsynsprogram, eller naboen, så skal eg ikkje seie det. Mi private meining kan eg halde for meg sjølv. Eg kan meddele meg når eg har noko positivt å kome med.