Av: Ukjend
Matias Orheim
Matias Orheim, 1884-1958, var ein norsk salmediktar
og lekpredikant. Han ga ut
songbøker, han skreiv over 150 melodiar og rundt 1000 dikt. Fleire av songane
er med i Norsk Salmebok.
Orheim dreiv ei
utstrekt reiseverksemd og han vitja alle prestegjeld i landet, bortsett frå dei
seks nordlegaste i Finnmark. Dit var han ikkje velkomen, då han brukte nynorsk.
Når han spelte
songane sine, akkompagnerte han gjerne seg sjølv på glas.
Matias Orheim
vaks opp på garden Orheim på Stårheim i Nordfjord. Han rekna seg som omvend
etter eitt møte på bedehuset i pinsa i 1900. Etter dette møtet skreiv han
songen
«Eg fann min Gud i ungdomsår».
Orheim tok
etter kvart til å få problem med synet og til slutt, i 1916, var han heilt
blind. Fram til han miste synet heilt, reiste han som forkynnar for
indremisjonen. Seinare arbeidde han for Noregs Kristelege Ungdomsforbund. Året
1948 heldt han 400 møte.
Kona Maria var
med på mange av turane hans og hjelpte han med det han, som blind, ikkje
greidde sjølv.
Orheim fekk
Kongens fortenestemedalje i gull i 1953.
Dei to, Matias
og Maria var saman om det meste. Dei bad til Gud om å få døy saman. Det fekk
dei. Om kvelden 20.april 1958 døydde Matias Orheim. Seinare same natta døydde
Maria Orheim. Saman er dei gravlagde på Stårheim.
Kjelde
https://nn.wikipedia.org/wiki/Matias_Orheim
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar