Mamma ville vore stolt. Ho var alltid smått bekymra for at eg ikkje kunne lage mat.
No har eg vore flink. Fire heimelaga middagar, denne veka. Etter handleturen, onsdag, var eg sliten og tok hol på pakken med grillpølser. Fredag var eg og ei veninne på kinesisk restaurant og unte oss ein betre middag. For min del vart det innbakt and i sursøt saus. Elles har eg laga kjøtkaker, semulegrynsgraut, torsk med lauk. I dag vart det heimelaga pizza, dog med innkjøpt pizzabotn frå datodisken på Rema 1000.
Torsken skulle eigentleg verte fiskekaker, men dei hang ikkje saman, det vart mislukka, kan eg vel seie. Men smaken var god, så eg fekk eit par fiskemiddagar ut av det. Hadde eg for lite bindemiddel i, for mykje væske, var det fordi fisken hadde vore frosen?
Neste gong lagar eg fiskegrateng av fisken.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar