Somme dagar (og
kjerringar) er slike. I dag skulle eg visst ha halde senga. Ikkje vil eine
kontaktlinsa samarbeide. Eg plundrar fælt, men til slutt smett ho innpå, så eg
ser verda so nokolunde.
Deretter slær eg på datamaskina og så opnar eg nokre sider, sjekkar e-post og slikt. Men så vil brått ikkje skriveprogrammet verke. Til slutt vert eg sur (det skal ikkje alltid så mykje til) og slær av heile greia. Dermed forsvinn eit par ting eg ikkje har hugsa å lagre. Eg ventar nokre minutt og slær treskeverket på att. Då fungerer det jammen, sjølvsagt bortsett frå det eg gløymde å lagre og nokre videoar og oppskrifter eg ikkje finn. Dei var då her sist eg såg dei.
Nei, i dag seier eg som Prøysen, lett omskrive
Du skal få ein dag i morgon
som rein og ubrukt står
------
og då kan du rette opp att
alle feila frå i går
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar